Tørròte gjev norske potetbønder milliontap og fører til omfattande bruk av sprøytemiddel. Ei genmodifisert potet kan kanskje bidra til å løyse problemet, men lova krev at ein vurderer om ho bidreg til berekraft. Korleis gjer ein det?
Av Frøydis Gillund, forskar ved GenØk, i Tidsskriftet Genialt
Poteta er kjend og kjær for oss nordmenn, både som tilhøyr til middagen og i potetgullet til gullrekkja kvar fredag. Det blir dyrka mykje poteter i Noreg, men visste du at poteta, til liks med oss menneske, er plaga av virus, bakteriar og sopp? Den verste sjukdommen er potettørròte, som kjem av ein sopp som trivst i varmt og fuktig vêr. Potetene blir brune og uappetittlege, og potetpakkeria nektar å ta imot potetene dersom det er mistanke om smitte.
I 2006 vart det rekna ut at tørròte fører til årlege tap på kring 55–65 millionar kroner for norske potetbønder. Sidan då har problemet berre auka. Over halvparten av all bruk av kjemiske soppmiddel her til lands går med til å nedkjempe tørròte i poteter.
Utruleg tilpassingsevne
For å avgrense bruken av soppmidzdel har forskarar i fleire tiår forsøkt å lage potetsortar som er motstandsdyktige mot tørròte. Dette har dei tradisjonelt gjort ved å krysse dagens potetsortar med viltveksande potetartar frå Sør-Amerika som har naturleg motstandskraft mot sjukdommen. Problemet er at tørròtesoppen har ei utruleg evne til å tilpasse seg og overvinne motstandsevna til potetplanta. Det er derfor svært utfordrande å utvikle potetsortar med motstandsevne som varer over tid.
Invitasjon: Ope møte om GM-potet 10. oktober.
Fleire forskarar ventar at genmodifisering kan bidra til å løyse tørròteproblemet. Den norske genteknologilova stiller fleire krav til genmodifiserte organismar (GMO) som skal kunne dyrkast eller seljast i Noreg, mellom anna at dei bidreg til berekraftig utvikling. Men korleis kan vi vurdere om ei genmodifisert (GM) potetplante bidreg til berekraft? Det har vi prøvd å finne ut i eit forskingsprosjekt.
Redusert sprøytemiddelbruk
Når forskarar skal genmodifisere poteta for at ho skal tole sjukdom betre, må dei først finne dei gena som gjev nokre viltveksande potetplanter naturleg motstandskraft. Desse gena kallar ein resistensgen. For å få resistensgena inn i arvematerialet til dagens potetplanter brukar forskarane jordbakterien Agrobacterium. Metoden gjer det enklare for forskarane å lage potetsortar med mange resistensgen, og dette gjer det vanskelegare for tørròten å angripe. Mange meiner derfor at genmodifisering er vegen å gå for å lage potetplantar med meir varig motstandsevne. Ei GM-potet som berre har fått resistensgen frå andre potetartar, blir kalla cisgen. Dersom ein set inn gen frå ein annan planteart, blir poteta kalla transgen.
Fleire europeiske forskargrupper arbeider med å utvikle tørròteresistent GMpotet, og fleire slike potetsortar blir no testa i feltforsøk i ulike delar av Europa. Feltforsøka har mellom anna vist at tørròteresistent GM-potet berre må sprøytast to gonger i løpet av vekstsesongen, medan europeiske bønder i dag sprøytar mot tørròte opptil femten gonger. Det amerikanske selskapet J.R. Simplot har også utvikla ei tørròteresistent GM-potet. Det er venta at amerikanske styresmakter vil ta stilling til om dei skal godkjenne dyrking av denne før utgangen av 2016.
Korleis vurdere berekraft?
Norske styresmakter må vurdere om ein genmodifisert organisme (GMO) er til nytte for samfunnet, bidreg til berekraftig utvikling og er etisk akseptabel før han kan godkjennast. Men kva tyder desse omgrepa i praksis? Vi ønskte å finne ut kva folk frå potetnæringa meiner, og inviterte til tre seminar i 2014 og 2015, med ei brei gruppe deltakarar: bønder og folk frå potetindustrien, forskarar som arbeider med potet- og plantesjukdommar eller utviklar nye potetsortar, fagpersonar frå landbruk sforvaltning og -rådgjeving, og representantar for miljø- og forbrukarorganisasjonar.
Målet var å kome fram til spørsmål som det er viktig å undersøkje for å finne ut om dyrking av tørròteresistent GM-potet er samfunnsnyttig, berekraftig og etisk akseptabelt. Dei mest sentrale spørsmåla deltakarane føreslo, var:
• Fører dyrking av GM-poteter til mindre bruk av soppmiddel?
• Vil tørròteresistensen vare over tid?
• Er GM-poteter trygge for helse og miljø på lang sikt?
• Vil dyrking av GM-poteter auke inntekta til potetprodusentane over tid?
• Vil forbrukarar ete genmodifisert potet?
• Vil dyrking av GM-potet påverke den oppfatninga forbrukarane har av norskprodusert mat som rein og trygg?
• Vil dyrking av GM-poteter påverke mangfaldet av potetsortar og moglegheita for å dyrke konvensjonell og økologisk potet?
• Legg selskapa som utviklar GM-potet, til rette for openheit og god kommunikasjon med allmenta og styresmaktene?
• Er det mogleg for andre forskarar å utvikle GM-poteter vidare eller forske på dei?
Aggressiv nordisk tørròte
Forskarar har funne ut at tørròtesoppen som finst i Norden, har større genetisk variasjon og er meir tilpassingsdyktig og aggressiv enn tørròtesopp frå andre delar av Europa. Det er derfor viktig å undersøundersøkje om det er grunn til å tru at motstandsevna til GM-poteta vil bli broten raskare ned i Noreg enn andre stader i Europa.
Eit anna vesentleg spørsmål er om norske forbrukarar ønskjer å ete GM-potet. Mange forbrukarar ser på genmodifisert mat med skepsis, og landbruket er avhengig av tillit. Kan dyrking av GM-potet setje dette tillitsforholdet på prøve? Eller vil ei GM-potet som berre har fått gen frå andre potetartar, og som bidreg til mindre bruk av sprøytemiddel, gjere at folk blir mindre skeptiske til genmodifisert mat?
Fleire andre spørsmål
Vi diskuterte også ei rekkje andre spørsmål. Vil patenterte GM-poteter avgrense den moglegheita bonden har til å bruke poteter frå si eiga avling som setjepoteter? Er det grunn til å tru at cisgene poteter, som berre har fått gen frå andre poteter, er tryggare enn transgene poteter, som har fått overført gen frå ein annan art? Mattryggleiksorganet i EU, EFSA, meiner det. Andre forskarar legg vekt på at metodane som blir brukte for å lage cisgene og transgene planter, er dei same.
Metoden forskarane brukar for å lage GMpotet, er usikker, mellom anna fordi Agrobacterium ikkje kan avgjere kvar i arvematerialet til potetplanta dei gena ein set inn, hamnar. Fleire deltakarar meinte derfor at ein må undersøkje nærare om genmodifiseringa kan forstyrre det genetiske samspelet i planta og føre til uventa endringar som kan gje negative effektar for helse og miljø.
Andre deltakarar hadde stor tru på at ei slik GM-potet vil føre til at bønder sprøytar mindre, og at ho dermed vil gjere landbruket meir berekraftig. Dei la også vekt på at det ikkje vil vere fare for at GM-poteta spreier seg til omgjevnadene. Potetknollar blir ikkje spreidde like lett som frø, og det finst ikkje ville slektningar som GM-potet kan kryssast med i Noreg.
Stort engasjement
Vi opplevde at GM-potet var eit tema som vekte stort engasjement blant bønder og andre som bryr seg om potet og landbruk. Tørròteresistent potet er det første dømet på ei GM-plante som kan bidra til å løyse eit alvorleg problem for norsk landbruk, og ho opnar for interessante diskusjonar om berekraft, etikk og samfunnsnytte.
Samtidig reiser dyrking av GM-potet meir overordna spørsmål om kva retning vi ønskjer at det norske landbruket skal ta i framtida, og korleis genmodifisering vil påverke den tilliten forbrukarane har til norsk mat. Dette er spørsmål vi alle bør ta stilling til.