Avlsselskapet Norsvin ønskjer å lage grisar som er motstandsdyktige mot ein alvorleg sjukdom som fører til mykje liding og store økonomiske tap.
Av Sigrid Bratlie Thoresen i tidsskriftet Genialt
Sjukdom er ei av dei største utfordringane for husdyrproduksjon i mange land. Til dømes fører den alvorlege sjukdommen PRRS (Porcine Reproductive and Respiratory Syndrome) til nedsett fruktbarheit, redusert vekst og død hos eit stort tal grisar i Asia, Nord-Amerika og Europa kvart år. PRRS kostar grisebøndene i USA åleine over 650 millionar dollar årleg.
Sjukdommen er eit problem i dei fleste svineproduserande landa i verda, med unntak av Noreg, Sverige, Finland og Sveits. Forskarar har funne ut at viruset er avhengig av eit gen med namnet CD163 for å kunne infisere grisecellene. Dersom dette genet ikkje er aktivt i grisane, vil dei vere resistente mot sjukdommen. Det har likevel så langt ikkje lukkast nokon å avle fram PRRS-resistente grisar med tradisjonelle metodar. Andre tilnærmingar, som vaksinering, har heller ikkje vore vellukka.
Ny teknologi gjev nye moglegheiter
I desember 2015 annonserte det amerikanske avlsselskapet Genus at dei ved hjelp av genredigeringsmetoden CRISPR/Cas9 hadde klart å lage grisar som er resistente mot PRRS. I samarbeid med University of Missouri hadde dei inaktivert CD163-genet i griseembryo. Desse grisane heldt seg friske i heile testperioden etter å ha vorte smitta med viruset, i motsetnad til grisar som ikkje hadde fått den genetiske endringa.
Nyheita fekk stor merksemd hos avlsselskap verda over, som til dømes Norsvin.
– Vi driv utvikling, produksjon og sal av svinegenetikk, og rundt 80 prosent går til den internasjonale marknaden. USA er den største enkeltmarknaden. At ein av dei største konkurrentane våre har lukkast med å lage PRRS-resistente grisar, kan føre til at vi mistar mykje av forretningsgrunnlaget vårt, fortel Eli Grindflek, forskingssjef i Norsvin.
Les også: Klare for genredigering?
Ein aktuell debatt
Det kan derfor no bli nødvendig for Norsvin å vurdere bruk av genredigeringsteknologi for sjølve å framstille PRRS-resistente grisar.
– I tillegg til auka produktivitet og økonomisk vinst vil dette kunne gje vesentleg auka dyrevelferd ved å spare grisar for store lidingar som følgjer av sjukdommen. Avgjerda vil vere avhengig av kva reguleringar som gjeld, seier Grindflek.
I Noreg og EU vil genredigerte dyr etter alt sannsyn bli underlagde dei føresegnene for genmodifiserte organismar (GMO) som alt finst i dag.
– Dette vil i så fall seie at ein må gjere ein omfattande risikovurderingsprosess før produkta kan bli godkjende, og dette vil gjere Norsvin lite konkurransedyktige samanlikna med konkurrentane i USA, seier Grindflek.
Samtidig går det også ein debatt i EU på om ein skal gjere unntak i GMO-reguleringa for genredigerte organismar som ikkje inneheld framandt genmateriale.
Les også: Friskare jordbær med CRISPR?
Flyttar utanlands?
Fram til dette er avklart, vil moglegheitene for og konsekvensane av å ta i bruk teknologien vere svært lite føreseielege, meiner Grindflek, som seier eitt alternativ vil vere å vurdere å flytte delar av avlsarbeidet utanlands, til dømes til USA. Dette er likevel uønskt sett frå eit smittevernperspektiv.
Ho understrekar i tillegg at genredigerte grisar, dersom dei blir regulerte som GMO i Noreg og EU, må merkjast som genmodifiserte når dei blir selde til forbrukarane.
– Dersom det viser seg at den generelle skepsisen blant forbrukarar mot «GMO-mat» er stor, kan dette også gjere at vi ikkje tek sjansen på å ta i bruk teknologien, sjølv om han kan bidra til meir berekraftig matproduksjon, seier Grindflek.