Eirik
Publisert: 12. juni 2024

DNA-analyser av to tusen år gamle beinrestar går langt i å frikjenne Colombus sine sjømenn frå å ha brakt syfilis til Europa.

Då Christopher Colombus gjekk i land på øya San Salvador i 1492 var det starten på slutten for store delar av urbefolkninga. Sjukdommar som koppar, influensa og meslingar var heilt ukjende for immunforsvara deira og tok livet av opp mot 95 prosent av befolkninga i Mellom-Amerika.

Ein har lenge trudd at kjønnssjukdommen syfilis kom motsett veg, frå sjømenn som vart smitta i Amerika. Men no har forskarar greve opp to tusen år gamle menneskelege leivningar sør i Brasil og funne DNA frå ein gamal variant av Treponema pallidum, bakterie-arten som mellom anna gjev syfilis. Analysar av DNA-et tydar på at bakterien kom til Europa 15 000 år før Columbus returnerte til Europa.

DNA-et som er funne i Brasil liknar aller mest på bakterien T. pallidum endemicum som gir sjukdommen bejel. Dette er den mildare fetteren til syfilis som gir fleire av dei same såra på slimhinner og i huda, men som langt sjeldnare skadar hjerne, hjarte og indre organ. Bejel er ein tropesjukdom som rammar mange menneske i låginntektsland, kor forsking på og utvikling av medisinar har vore lite prioritert. I tillegg til å frikjenne Colombus sine sjømenn kan forskinga på evolusjonshistoria til T.pallidum-bakterien difor gje kunnskap som kan vere nyttig i kampen mot dagens tropesjukdommar.

Kjelde:
Majander et al. Nature 2024 www.doi.org/10.1038/s41586-023-06965-x
Illustrasjon: St Bartholomew’s Hospital Archives & Museum CC BY 4.0