Publisert: 9. september 2010

Bioteknologinemnda etterlyser fleire opplysningar frå produsenten for å kunne vurdere om soyaplanten MON 87701, som tåler skadeinsekt, er berekraftig, samfunnsnyttig og etisk forsvarleg.

Soyaåker. Foto: iStockphoto.

Firmaet Monsanto har for første gong laga ein genmodifisert soyaplante som er motstandsdyktig mot skadeinsekt. Soyaplanten produserer proteinet Cry1Ac, som er ei insektgift. Planten eignar seg best for å dyrke i Sør-Amerika av di det er der ein finn sommarfugllarvane som insektgifta verkar mot.

No har Monsanto søkt om å få godkjent soyaen for import til bruk i mat og fôr i EU og Noreg. Bioteknologinemnda treng fleire opplysningar om kva for følgjer ei godkjenning vil ha for naturmiljøet og landbruket der soyaen skal dyrkast. Dette må til for at nemnda skal kunne vurdere berekraft, etikk og samfunnsnytte. Kan skadeinsekta etter kvart bli motstandsdyktige mot insektgifta i planten, og kan ein få oppblomstring av andre skadeinsekt i åkrane? Nemnda etterlyser òg meir forsking på om insektgifta Cry1Ac kan gi allergi hos menneske og dyr.

Last ned høyringssvaret frå nemnda til Direktoratet for naturforvaltning.

Sjå òg temasida vår om genmodifiserte plantar og mat.