Publisert: 29. mars 2011

Prostatakreftceller. Foto: Scandinavian StockPhoto.

Studie av genomet til prostatakreftsvulstar viser at gena som gir kreft, er plasserte i genomet på ein slik måte at dei gir mest effektiv svulstvekst. Kunnskap om desse gena kan gi meir effektiv og mindre inngripande diagnostisering og behandling av denne kreftforma.

Av Norunn K. Torheim, ekstraartikkel til GENialt 1/2011

Studien vart publisert i tidsskriftet Nature no i februar, ti år etter at det humane genomet vart publisert (sjå eigen artikkel om dette).

Flyttar seg rundt

Ved å sekvensere heile arvestoffet (genomet) til svulstar og ikkje berre sjå etter kva for mutasjonar det er i det vanlege genomet som fører til kreft, har forskarane forstått biologien til svulsten betre. I svulstane var det ikkje berre mutasjonar, men lange strekk med DNA som var brotne av og flytta seg til andre delar av genomet. Men det var ikkje tilfeldig kva for DNA det var som flytta seg. Det var DNA som inneheldt gen som hjelpte til med å drive kreftutviklinga framover, og dei var plasserte i dei delane av genomet der dei kunne vere mest aktive. For prostatakreft er dette ofte område som er kontrollerte av testosteron og andre mannlege kjønnshormon. Forskarane veit enno ikkje korleis gena kjem seg rundt. Det kan ha med den tredimensjonale strukturen til bestemte område av DNA-et å gjere. Strukturen kan gjere at gena flyttar seg når DNA blir kopiert eller visse gen er aktive. Og så vil naturleg seleksjon gjere at dei raskast veksande cellene tek over.

Diagnose og behandling

I studien har dei òg identifisert gen som dei ikkje visste var kopla til prostatakreft. Dette kan brukast som utgangspunkt for å tenkje ut korleis ein kan behandle kreften med legemiddel.

Kanskje vil vi med reduserte kostnader på analysane kunne sekvensere svulsten til enkeltpasientar før behandling. Kanskje kan vi til og med oppdage gensekvensar i blod eller urin slik at vi ikkje treng invasiv undersøking eller biopsi.

Analyse av genomet kan òg bli nyttig for å skilje aggressive svulstar frå ikkje-aggressive svulstar. I dag brukar ein prostataspesifikt antigen (PSA) i blodet, men problemet med det er at ein då diagnostiserer kreft hos menn som har ikkje-aggressive svulstar og som derfor blir opererte unødvendig.

I denne studien har dei undersøkt sju svulstar. For at ein skal få klinisk nytte må ein undersøkje mange fleire slik at ein får kunnskap om kor ofte ulike mutasjonar opptrer og kva for gen som faktisk driv kreftutviklinga.

FAKTA – Cancer Genome Atlas

Prosjekt ved National Institutes of Health (NIH) som brukar genomanalysar for å skaffe kunnskap om kva som skjer på molekylnivå i svulstane.
Sjå nettsida til prosjektet.

FAKTA – Prostata og prostatakreft

Om prostata (blærehalskjertelen)

  • Ligg rundt den øvste delen av urinrøret, rett under blæra.
  • Skil ut nokre av stoffa som inngår i sædvæske.
  • Blir større med alderen. Den forstørra prostataen er som oftast godarta.
  • Det mannlege kjønnshormonet testosteron stimulerer veksten.

Om prostatakreft

  • Kraftig auke dei siste åra.
  • Dei skandinaviske landa og USA ligg på verdstoppen.
  • Den vanlegaste kreftforma blant norske menn.
  • I 2008 fekk 4168 norske menn denne diagnosen.
  • Alder, arv og høgt nivå av mannlege kjønnshormon aukar risikoen.
  • Forstørra prostata, høge verdiar av prostataspesifikt antigen (PSA) i blodet saman med ultralyd og prøve av kjertelen blir brukt for å stille diagnose.
  • Prostatakreft blir i dag behandla med kirurgi, stråling, hormon eller cellegift.

Kjelde: kreftforeningen.no

Kjelder