Firmaet Syngenta har søkt om å få godkjent ein ny insektresistent, genmodifisert mais til import og bruk i mat og fôr i EU/EØS.
Genmodifisert mais med gen som produserer eitt eller fleire Cry-protein (insektdrepande protein) har vore på marknaden i 10–15 år. I den nye maisen til Syngenta er det nye genet sett saman av to ulike gen som kodar for kvart sitt Cry-protein. Maisen lagar derfor eit protein som er sett saman av dei to andre proteina.
Bioteknologinemnda meiner at Syngenta bør gjere forsøk med det samansette proteinet frå maisplanten. Det held ikkje å vise til forsøk med dei to proteina kvar for seg fordi eit nytt protein kan ha andre og ukjente eigenskapar. Nemnda ønskjer blant anna å vite om det nye proteinet kan forsterke immunreaksjonar på same måte som andre Cry-protein.
Bioteknologinemnda ber om at Syngenta må svare på spørsmål som gjer det mogleg å vurdere om maisen er samfunnsnyttig, etisk forsvarleg og bidreg til berekraftig utvikling, slik genteknologiloven krev. Les meir om desse spørsmåla i rapporten Insektresistente genmodifiserte plantar og berekraft.