EFSA, mattryggingsorganet i EU, har laga framlegg til retningslinjer for korleis ein skal vurdere om mat og fôr frå genmodifiserte dyr kan vere ein risiko for helsa.
Av Audrun Utskarpen i GENialt 3/2011
Mat og fôr frå genmodifiserte dyr er så langt ikkje komne i sal, og hittil har heller ingen søkt om å få det godkjent i EU. Men for å vere førebudd arbeider EFSA likevel med retningslinjer for kva spørsmål firma som søkjer om godkjenning av mat og fôr frå slike dyr, bør svare på dersom EU skal vurdere produkta deira. Fordi Noreg tek del i godkjenningsordningane i EU, uttalte Bioteknologinemnda seg om framlegget til retningslinjer for å vurdere helserisiko da det var på høyring. Retningslinjer for å vurdere miljørisiko kjem i eit eige dokument seinare.
Mat frå genmodifiserte dyr
I USA vurderer FDA, det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet, om den genmodifiserte laksen AquAdvantage skal god- kjennast der. Denne laksen er genmodifisert slik at han veks fortare enn annan laks (sjå GENialt 3/2010). Viss laksen blir godkjent i USA, kan vi rekne med at det òg kjem ein søknad til EU. Eit anna genmodifisert dyr som det har vore mykje blest om, er grisen Enviropig, som slepp ut mindre fosfor i avføringa og derfor er meint å forureine mindre enn annan gris. Grisen er godkjent for produksjon i Canada, men kjøtt frå grisen er enno ikkje godkjent som mat. I Kina, som er eitt av landa som ligg lengst framme på dette området, har dei blant anna genmodifisert kyr slik at dei lagar mjølk som liknar på morsmjølk frå menneske, men denne mjølka er heller ikkje godkjent for sal enno.
Etikk, berekraft og samfunnsnytte
EFSA presiserer at sosioøkonomiske omsyn ikkje skal takast med i rettleiingsdokumentet for helserisiko fordi det er utanfor deira mandat. Dyrevelferd er derimot teken med som ein del av risikovurderingane fordi det tradisjonelt har blitt rekna som viktig at dyra er friske for at maten skal vere trygg. Bioteknologinemnda meiner det òg må vurderast om mat og fôr frå genmodifiserte dyr bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg.
Uavhengig forsking
Bioteknologinemnda meiner at uavhengige forskarar og institusjonar må gjere forsøka som skal gi grunnlag for å vurdere risiko ved mat og fôr frå genmodifiserte dyr. Når industrien sjølv utfører testane, skaper det mindre tillit og truverde. Produsentane bør likevel betale for testane.
Bioteknologinemnda ber òg EFSA om å krevje at produsenten lèt alt biologisk materiale som er naudsynt for å utføre testane, vere tilgjengeleg for alle som ønskjer å forske på det. Det gjeld òg materiale frå dei ikkje-genmodifiserte dyra som det er mest nærliggjande å samanlikne med (den næraste genetiske slektningen).
Krav til forsøksoppsett
Bioteknologinemnda peikar vidare på at det er naudsynt å lage testar og forsøksoppsett som er vitskapleg haldbare for å kunne fastslå risiko. For å kunne seie noko om moglege skadeverknader må ein ikkje berre gjere kjemiske analysar på maten, men fôre forsøksdyr med mat- eller fôrprodukt frå det genmodifiserte dyret. Forsøka må lagast slik at vi kan få vite om maten har langtidseffektar, til dømes om han gir endringar i immunsystemet eller allergiar, og om han påverkar tarmfunksjonen. Fordi det kan ta 20–50 år før menneske utviklar ein allergi eller kronisk sjukdom, må dyreforsøka spegle dette. Derfor bør forsøk på rotter gjerast over heile levetida deira, og ikkje berre 90 dagar slik som no.
Les høyringssvaret frå Bioteknologinemnda til EFSA
Les det ferdige rettleiingsdokumentet som EFSA offentleggjorde den 26.1.2012.