Publisert: 22. februar 2012

Soyabønner på åkeren
Soyabønner på åkeren. Foto:Scanstockphoto

Plantar som er genmodifiserte slik at dei toler helse- og miljøskadelege sprøytemiddel, bidreg ikkje til berekraftig utvikling, meiner Bioteknologinemnda.

Av Audrun Utskarpen

Seks nye søknader om å få godkjent genmodifiserte plantar som toler sprøytemiddel og/eller skadeinsekt har dei siste månadene vore på høyring i EU. Bioteknologinemnda har stilt spørsmål som søkjarane bør svare på for at Noreg skal kunne vurdere søknadene slik genteknologiloven krev, særleg når det gjeld kriteria berekraft, samfunnsnytte og etikk. Spørsmåla gjeld blant anna sprøytemiddelbruk, moglege allergireaksjonar, resistente skadeinsekt og ugras, sameksistens mellom genmodifiserte og ikkje-genmodifiserte avlingar og spreiing av uønskte gen til ville slektningar av jordbruksplantane.

Éin av plantane Bioteknologinemnda har uttalt seg om, er soyaen DAS-68416-4 frå Dow AgroSciences, som toler sprøytemiddel med både glufosinat og 2,4-D, som begge er så helse- og miljøskadelege at dei er forbodne i Noreg. Når bøndene dyrkar desse plantane, kan dei bruke meir av dei skadelege sprøytemidla. Ugraset blir òg fortare resistent fordi dei sprøytar meir og oftare. Ein annan soya, FG72 frå Bayer CropScience, toler sprøytemiddel med glyfosat og isoxaflutol. Produsentane har søkt om å få godkjent begge desse soyasortane til mat, fôr, import og foredling.

I tillegg har Bayer søkt om å få godkjent rapsen MS8xRF3 til mat. Denne rapsen toler sprøytemiddel med glufosinat og er godkjent i EU til all bruk utanom mat og dyrking. Ein annan raps, GT73 frå Monsanto, er òg godkjent i EU til same formål. Monsanto søkjer no om å få godkjent GT73 til mat. Rapsen er genmodifisert slik at han toler sprøytemiddel med glyfosat. Både Bioteknologinemnda og Direktoratet for naturforvaltning rådde til å avslå den førre søknaden under sluttbehandlinga i Noreg i 2008, men regjeringa har enno ikkje tatt stilling i saka. Eit problem med genmodifisert raps er at gen lett kan spreie seg både til andre raps- eller rypsavlingar og til ville slektningar. Sjølv om rapsen ikkje skal dyrkast her, kan frø komme på avvegar under transport.

Bayer ønskjer òg å få godkjent to bomullssortar, GHB119 og T304-40, som toler sprøytemiddel med glufosinat og i tillegg lagar kvart sitt Cry-protein, som verkar som insektgift. Tanken er at når insekta er blitt resistente mot gifta som den eine bomullssorten produserer, kan bøndene gå over til den andre sorten.

Etter at søkjarane har svart på spørsmål, skal EU avgjere søknadene. Viss EU seier ja, må Noreg ta stilling til om vi òg skal tillate dei genmodifiserte plantane her.

Les høyringssvara frå Bioteknologinemnda til Direktoratet for naturforvaltning: