Publisert: 14. mai 2012

Kan plantar som er genmodifiserte til å tole sprøytemiddel, bidra til berekraftig utvikling?

Tid: 10. mai 2012 kl 10:00–13:15
Stad: Vika konferansesenter, Dronning Mauds gate 10, Oslo.
Inngang frå hjørnet av Dronning Mauds gate og Munkedamsveien.
Arrangørar: Bioteknologinemnda og Direktoratet for naturforvaltning.

Sjå heile møtet, eller vel eitt av innlegga nedanfor.

Welcome
The Norwegian Biotechnology Advisory Board and The Norwegian Directorate for Nature Management.

What is sustainable development?
Prof. Desmond McNeill, Centre for Development and the Environment, University of Oslo.

Austria’s work on socio-economic criteria for GMO approval
Dr. Andreas Heissenberger, Deputy Unit Head of the Department for Landuse and Biosafety, Environment Agency Austria.

Herbicides, GMOs and sustainable development: Experiences from South America (lydoverføring frå Brasil)
Georgina Catacora-Vargas, researcher, Genøk – Centre for Biosafety, and biosafety advisor of the Vice-Ministry of Environment of Bolivia.

Debate: What are the most important criteria for assessing whether herbicide tolerant GMOs contribute to sustainable development?

Chair: Odd Vangen, professor, Norwegian University of Life Sciences, and member of The Norwegian Biotechnology Advisory Board.

Bakgrunn for møtet: Den norske genteknologiloven slår fast at genmodifiserte plantar ikkje må skade helse eller miljø for å bli godkjende for import eller dyrking i Noreg. I vurderinga av planten skal det òg leggjast vekt på om bruken bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg. På møtet diskuterte vi kva som skal til for at plantar som er genmodifiserte til å tole sprøytemiddel, skal bidra til berekraftig utvikling. Møtet ga innspel til Bioteknologinemnda sitt arbeid med å konkretisere berekraft-kriteriet i genteknologiloven. Bioteknologinemnda har i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning oppretta ei ekspertgruppe for vurdering av genmodifiserte plantar og berekraft. Møtet blir arrangert i samband med ei samling i ekspertgruppa. I løpet av 2012 skal gruppa bestemme dei viktigaste kriteria for å vurdere om ein plante som er genmodifisert til å tole sprøytemiddel, bidreg til berekraftig utvikling.

Program med lenkjer til meir informasjon