Publisert: 17. oktober 2012

NB. SØKNADSFRISTEN ER UTLØPT! 

Fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i sekretariatet for Bioteknologinemnda

Bioteknologinemnda er eit frittståande, rådgivande organ som arbeider med rådgiving, informasjon og debattskapande aktivitet. Bioteknologinemnda vurderer og informerer om etiske spørsmål og samfunnsspørsmål som gjeld bruk av bioteknologi på menneske, dyr, planter og mikroorganismar. Nemnda er administrativt underlagd Helse- og omsorgsdepartementet.

Vi søkjer ein aktiv, samfunnsengasjert og skriveglad person med høgare utdanning innanfor dei relevante arbeidsområda våre: biologiske fag, samfunnsfag, filosofi og etikk.

Vidare ønskjer vi at du er sjølvstendig og omgjengeleg med gode samarbeidsevner. Det blir lagt vekt på om du er personleg eigna.

Arbeidet omfattar større faglege utgreiingar, formidlingsarbeid og administrative oppgåver.

Vi kan tilby ein utviklande og interessant arbeidsplass med ei stor kontaktflate og store sjansar for å jobbe sjølvstendig med mange forskjellige oppgåver.

Lønn: 55–70 (452 900–595 200), med moglegheit for noko høgare lønn ved spesielle kvalifikasjonar eller erfaring.

Spørsmål kan rettast til direktør Sissel Rogne telefon 24 15 60 21 eller 907 32 123.

Send søknad med CV til Bioteknologinemnda, Stortingsgata 10, 0161 Oslo, eller bion@bion.no

Søknadsfrist: 13. november