Publisert: 22. mai 2013

Potet med brune merker
Mandelpotet med tørròte. Foto: Borghild Glorvigen

Tørròte er ein potetsjukdom som kostar norske potetbønder mykje pengar. Kan genmodifisert potet vere løysinga?

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Potetsjukdommen tørròte blir forårsaka av soppen Phytophthora infestans, som anten følgjer med settepoteten eller spreier seg med vinden i dyrkingssesongen. Problemet er størst i Sør- og Midt-Noreg og der det er fuktig, men det varierer frå år til år kor harde åtaka blir.

­– Sprøyting mot tørròtesopp er i dag ei stor utgift i potetproduksjonen i Noreg, seier Borghild Glorvigen, fagkoordinator for potet ved Norsk Landbruksrådgiving. – Men sjølve avlingstapet frå tørròte er lite ettersom vi sprøytar.

Portrett
Borghild Glorvigen, fagkoordinator for potet ved Norsk Landbruksrådgiving. Foto: Christian Tharaldsen

Genmodifisert potet
Som løysing på sjukdomsproblemet har både firma og forskingsinstitusjonar i Europa i mange år jobba med å utvikle genmodifisert potet som er meir resistent mot tørròte. Potetane blir prøvde ut i feltforsøk i fleire land. Men viss vi skal ta i bruk slike potetar i Noreg, krev genteknologiloven at styresmaktene vurderer både helse- og miljørisiko, etikk, samfunnsnytte og bidrag til berekraftig utvikling.

­Samfunnsnytten skulle det vere liten tvil om. I dag sprøytar potetdyrkarane i gjennomsnitt fem til åtte gonger i sesongen mot tørròte, i tillegg til sprøyting mot ugras og andre sjukdommar.
– Det er mykje pengar å spare både på mindre sprøytemiddel, arbeidsinnsats og dieselkostnader, seier Glorvigen. – Dessutan er det alltid ein fordel for miljøet å sprøyte minst mogleg, sjølv om dei mest vanlege sprøytemidla vi nyttar mot tørròte, er relativt lite helse- og miljøskadelege. Dersom ein køyrer for mange gonger over åkeren, kan det òg øydeleggje jordstrukturen og gi pakkeskader.

Resistens
Glorvigen opplyser at det finst potetsortar i dag som er resistente mot tørròte i ulik grad, men at dei potetane vi dyrkar, ikkje er dei mest resistente. Til dømes produserer vi no meir mandelpotet enn vi nokon gong har gjort i Noreg, og denne sorten toler tørròte særs dårleg. Det same gjeld Gullauge, som òg er ein populær sort.

– Dei som avgjer kva sortar vi skal dyrke, er grossistane, seier Glorvigen. – Dei vil ha tidlege sortar sjølv om seinare sortar er meir resistente, sortar som har den rette utsjånaden, og potet som sel bra. Den økologiske sorten Odinia er nokså resistent, men tilfredsstiller ikkje marknaden heilt når det gjeld smak, konsistens og utsjånad.

Foredling
Sidan 1950-talet har potetforedlarar jobba for å få fram sortar som er resistente mot tørròte. Men i foredlinga er det mange mål ein vil ha oppfylt samstundes. Til dømes er potet med mykje skurv, som har flekkete skal, umogleg å selje, trass i at det ikkje har noko å seie for smaken. Potetsorten bør heller ikkje ha ris som ligg flatt på åkeren og slik får lettare skadar. Så sjølv om ein heile tida ser etter tørròteresistens, er det ikkje prioritet nummer ein.

Overvinn resistensen
Utfordringa når ein har foredla fram ein resistent potet, er at tørròten allereie etter få år overvinn resistensen. Dei foredla potetsortane har som regel berre eitt resistensgen. Men i den genmodifiserte poteten kan ein sette inn fleire resistensgen frå vill potet samstundes. Slik kan det ta lengre tid før tørròtesoppen overvinn resistensen.

Potetåker
Potetåker som er hardt skadd av tørròte. Foto: Borghild Glorvigen

Undersøker miljørisiko
Når ein skal finne ut om den genmodifiserte poteten er skadeleg for miljøet, undersøker ein ikkje alle dyr, plantar og mikroorganismar som finst i og omkring åkeren. I staden vel ein ut visse testorganismar.

– Tidlegare har ein brukt eit sett med standard testorganismar som blir nytta til å risikovurdere sprøytemiddel, anten desse organismane finst der dei genmodifiserte plantane skal dyrkast eller ikkje, fortel forskar Frøydis Gillund ved GenØk – Senter for biotryggleik i Tromsø. – Det kan vere organismar som er enkle å ha på laboratoriet, eller som ein har lang erfaring med. Men det er ikkje sikkert at det vi da måler, er det som har mest å seie for miljøet i og rundt åkeren.

GenØk har gjort ein pilotstudie for å finne gode testorganismar for norske tilhøve. Dei brukte ein ny metode utvikla av europeiske forskarar som òg EU no tilrår.

Eitt av krava til gode testorganismar er at dei må vere viktige for andre artar i økosystema. Dei må òg leve samstundes med at poteten veks og blomstrar, gjerne trenge potet for å leve, og ha stor sjanse for å få i seg resistensproteinet frå poteten. Artane bør òg eigne seg til å oppbevare og ale opp på laboratoriet. I prosjektet til GenØk kom det fram at vi veit mykje om skadedyr og nyttedyr i åkrane, men mindre om dei minste organismane og bakteriane, særleg i jorda. Døme på artar som kunne eigne seg til testing, er meitemark, blautròtebakterien og sommarfuglen gråpudra jordfly.

Genetisk variasjon
Sjølv om det skulle vise seg at den genmodifiserte poteten er ufarleg for miljøet, er det likevel ikkje sikkert det er den beste løysinga. Gillund peikar på at soppen som forårsakar tørròte, har særskild stor genetisk variasjon i Noreg, like stor variasjon som i opphavsområda i Sør- og Mellom-Amerika.

– Vi veit enno ikkje kva det kjem av. Men det kan gjere at tørròten overvinn resistensen i den genmodifiserte poteten fortare her i Noreg enn andre stader.

GenØk tilrår ei full utgreiing om tørròteproblemet og kva alternative løysingar som finst, før vi i Noreg avgjer om vi ønskjer å satse på genmodifisert potet.

Les meir:

GenØk (2013): Genetically Modified Potato with Increased Resistance to P. infestans – Selecting Testing Species for Environmental Impact Assessment in Non-Target Organisms (pdf).