Publisert: 9. juli 2013

Rapsblomster

Noreg bør forby import av raps som er genmodifisert til å tole sprøytemiddel med glufosinat, tilrår eit fleirtal i Bioteknologinemnda.

På grunn av EØS-avtalen må Noreg avgjere om fire rapssortar som er godkjente til import, vidareforedling og bruk i mat og fôr i EU, òg skal godkjennast her. For å bli godkjent skal ein genmodifisert plante ikkje skade helsa eller miljøet. Noreg skal òg legge vekt på om planten bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg.

Fleirtalet i Bioteknologinemnda meiner den glufosinat-resistente rapsen kan utgjere ein miljørisiko i Noreg viss frø kjem på avvegar under transport og lagring. Fordi pollen frå raps spreier seg over store avstandar, kan uønskte gen spreie seg til ville slektningar av raps og til avlingar av raps og ryps.

Fleirtalet meiner den genmodifiserte rapsen heller ikkje bidreg til berekraftig utvikling, eller er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg. Rapssortane er laga for å nyttast saman med sprøytemiddel som inneheld glufosinat, eit stoff som er giftig for pattedyr, kan skade forplantningsevna og gi fosterskadar. Desse sprøytemidla er forbodne til all slags bruk i Noreg og blir fasa ut i EU. Fordi omgrepet berekraftig utvikling ikkje berre gjeld tilhøve i Noreg, må vi òg sjå helse- og miljøskadar frå sprøytemiddel i eit globalt perspektiv. Giftstoff kan transporterast i luft og vatn over store avstandar, og slik langtransport var mellom anna avgjerande for det internasjonale forbodet mot sprøytemidlet endosulfan. Det vil òg vere uetisk å nytte ein dobbel standard der vi lèt folk i andre land utsetje seg for ein helserisiko vi ikkje ønskjer å utsetje våre eigne innbyggjarar for.

Sprøytemiddelresistente plantar kan sprøytast under heile vekstsesongen utan at kulturplantane tek skade. Når bøndene bruker meir av få sprøytemiddel på sprøytemiddelresistente plantar, aukar risikoen for at ugras blir resistent mot sprøytemidla. Ugras som er resistent mot det vanlege sprøytemidlet Roundup, der glyfosat er verkestoffet, er vorte eit stadig større problem etter at genmodifiserte plantar som toler glyfosat, kom på marknaden, og glyfosatbruken auka. Det er allereie rapportert om ugrasartar som er resistente mot glufosinat. Når ugraset blir resistent, må bøndene sprøyte meir for å halde effekten ved like, eller dei må sprøyte med andre og ofte meir giftige sprøytemiddel. Sprøytemiddelbruken ser ut til å ha auka i USA og fleire land i Sør-Amerika etter at dei tok til å dyrke sprøytemiddelresistente vekstar, samstundes som bøndene på nytt har teke i bruk meir skadelege sprøytemiddel som paraquat og 2,4-D som var utfasa på 1990-talet.

At bøndene sprøytar meir og under heile vekstsesongen, aukar òg faren for sprøytemiddelrestar i mat og fôr.

Eit mindretal i Bioteknologinemnda rår styresmaktene til å følgje godkjenningsvedtaka i EU.

Det er selskapa som søkjer om godkjenning, som har ansvaret for å dokumentere om rapssortane bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttige og etisk forsvarlege, slik genteknologiloven krev. Men til no har ikkje Noreg fått nokon slik dokumentasjon.

Både Vitskapskomiteen for mattryggleik, Mattilsynet, Bioteknologinemnda og Miljødirektoratet skal vurdere søknadene. Deretter sender Miljødirektoratet ei tilråding til Miljøverndepartementet. Regjeringa tek den endelege avgjerda.

Les fråsegna frå Bioteknologinemnda her.