Publisert: 23. desember 2013

Maisplantar på åkeren
Maisplantar på åkeren. I Noreg blir det dyrka noko mais på Søraustlandet, først og fremst til dyrefôr. Foto: Scanstockphoto

EU skal om kort tid avgjere om det skal bli lov å dyrke ein ny genmodifisert maissort. Bioteknologinemnda rår norske styresmakter til å leggje ned forbod.

Av Audrun Utskarpen

Viss EU seier ja, blir maisen 1507 den andre genmodifiserte maissorten som det blir lov å dyrke i EU. Frå før blir den insektresistente maisen MON810 dyrka først og fremst i Spania og Portugal. Maisen 1507 er resistent mot nokre skadeinsekt og mot sprøytemiddel med verkestoffet glufosinat-ammonium. Glufosinat er forbode i Noreg på grunn av helse- og miljørisiko og er under utfasing i EU.

Klage på saksgangen

Firmaet Pioneer, som er eigd av DuPont, søkte om godkjenning første gongen i 2001. Mattryggingsorganet i EU, EFSA, har vurdert søknaden fleire gonger, men EU har ikkje fatta noko vedtak. DuPont klaga EU-kommisjonen inn for EU-domstolen, og i september 2013 slo domstolen fast at EU ikkje hadde handla etter fastlagd prosedyre. Derfor førebur EU no eit raskt vedtak. Kommisjonen er positiv til søknaden, og saka skal no opp i ministerrådet. Viss det ikkje blir fleirtal for eit vedtak i ministerrådet, noko det ikkje har vorte i andre GMO-saker, vil kommisjonen avgjere saka.

Dersom EU seier ja, må Noreg etter EØS-avtalen òg ta stilling til om vi skal tillate dyrking av maisen 1507. For å vere førebudd har Miljødirektoratet byrja arbeidet med å sluttføre behandlinga av søknaden i Noreg.

Ønskjer forbod

Ei einstemmig bioteknologinemnd rår norske styresmakter til å leggje ned forbod mot dyrking av maisen 1507. Bioteknologinemnda har uttalt seg om liknande saker fleire gonger i 2013, mellom anna om problemstillingar som gjeld berekraftig utvikling, samfunnsnytte og etiske forhold ved insekt- og sprøytemiddelresistent mais. Nemnda har uttalt seg om 27 søknader om å få godkjent genmodifiserte maissortar til import, prosessering, mat og fôr, inkludert maisen 1507, og éin søknad som galdt dyrking av maissorten MON810. I tillegg har nemnda komme med ei fråsegn om prinsipielle spørsmål som krava til helse- og miljørisikovurderingane, mangel på uavhengig forsking, handtering av vitskapleg usemje og kunnskapsmangel og bruken av føre-var-prinsippet.

Vurdering frå EFSA

EFSA har konkludert med at maisen 1507 er trygg for helse og miljø. Mattryggingsorganet grunngir det med at det ikkje er bevist at denne maisen er meir skadeleg for dei fleste organismane som insektgifta ikkje er meint å påverke, samanlikna med vanleg mais.

EFSA har ikkje vurdert følgjene av endra sprøytemiddelbruk i samband med dyrking av maisen 1507. Det er fordi Pioneer/DuPont i 2007 opplyste at firmaet ikkje lenger ville marknadsføre maisen som glufosinattolerant i EU, trass i at han er laga for å nyttast saman med sprøytemiddel som inneheld glufosinat.

Ikkje samfunnsnyttig

Fordi sprøytemiddel med glufosinat er forbodne til all slags bruk i Noreg, er det ikkje aktuelt å nytte desse sprøytemidla ved dyrking av maisen 1507. Skadeinsekta maisen er resistent mot, finst knapt i Noreg. Det gjer at denne maisen ikkje er særskilt samfunnsnyttig samanlikna med annan mais.

Ny nemnd

Ny bioteknologinemnd er oppnemnd frå 1. januar, men det vil bli knapt med tid for den nye nemnda til å setje seg inn i saka. Derfor har den avtroppande nemnda komme med ei fråsegn no. Den nye nemnda kan likevel uttale seg dersom medlemmene ønskjer det.

Les brevet frå Bioteknologinemnda til Miljødirektoratet her