Korleis kan styresmakter og næringsliv setje standardar som bidreg til berekraftig utvikling?
Mange aktørar i næringslivet arbeider med bransjestandardar eller interne retningslinjer for investeringar eller eiga drift. Bioteknologinemnda deltar i utviklinga av slike kriterium for å vurdere om genmodifiserte organismar (GMO) bidreg til berekraftig utvikling, slik den norske genteknologiloven krev. På møtet vil vi utveksle erfaringar og diskutere korleis vi best vurderer berekraft, og korleis krav til berekraft bør setjast ut i livet.
Innlegg ved representantar frå kapitalforvaltning, Bioteknologinemnda, oppdrettsnæringa og miljøorganisasjonar.
Tid: Torsdag 24. april kl. 14.00–16.00
Stad: Håndverkeren, Rosenkrantz’ gate 7, Oslo
Arrangør: Bioteknologinemnda
Panel
Kristin Halvorsen, leiar i Bioteknologinemnda ønsker velkommen
Einar Wathne, leiar i fiskefôrselskapet EWOS
Christine Tørklep Meisingset, leiar for berekraftforvalting i Storebrand Kapitalforvalting
Christoffer Ringnes Klyve, leiar for klima- og miljøavdelingen i Framtiden i våre hender
Elin Ersdal, investeringsdirektør i Norfund
Audrun Utskarpen, seniorrådgivar i Bioteknologinemnda
Møteleiar: Andreas Tjernshaugen, informasjonssjef i Bioteknologinemnda
Les meir om Bioteknologinemnda sitt arbeid med berekraftig utvikling