Publisert: 23. september 2014

Forsiden av rapportenRapporten om sprøytemiddelresistente, genmodifiserte plantar og berekraft som Bioteknologirådet ga ut i 2013, er no omsett til engelsk.

For at ein genmodifisert plante skal bli godkjend for dyrking i Noreg eller for import til bruk i mat og fôr, krev genteknologiloven at vi vurderer om planten er samfunnsnyttig, etisk forsvarleg og bidreg til berekraftig utvikling. Planten skal heller ikkje vere skadeleg for helse og miljø.

I rapporten har Bioteknologirådet gitt råd om kva spørsmål som er viktig å undersøke, for å kunne seie om ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante bidreg til berekraftig utvikling. Om lag åtti prosent av dei genmodifiserte plantane som blir dyrka i verda i dag, er resistente mot visse sprøytemiddel, først og fremst sprøytemiddel med glyfosat (til dømes Roundup).

Rapporten er resultatet av eit prosjekt som Bioteknologirådet gjennomførte på oppdrag frå Miljødirektoratet i 2012/2013.

LAST NED RAPPORTEN PÅ ENGELSK (pdf)

Ting papirutgåve på engelsk eller norsk

Last ned rapporten på norsk (pdf)


Les meir om rapporten her