Publisert: 17. oktober 2014

I august inviterte Bioteknologirådet til debattmøte i Tromsø om etiske dilemma rundt fosterdiagnostikk. Dei fleste barn blir fødde friske. I Noreg blir om lag éin prosent fødde med alvorlege utviklingsavvik eller sjukdom, medan tre prosent har mindre alvorlege avvik. Nokre avvik kan avdekkjast gjennom fosterdiagnostikk; ultralydundersøkingar, blodprøvar, morkakeprøvar eller fostervatnprøvar. Men kva skal det vere lov å teste for?