Publisert: 18. desember 2014

Bioteknologirådet spør helsemyndigheitene kvifor dei ikkje har utarbeidd føreskrift for farmakogenetiske undersøkingar.

Farmakogenetiske testar undersøker genane si rolle i medisinresponsen vår og blir nytta i klinikk i dag. Det har vore ei stor utvikling på dette feltet dei siste åra, og utviklinga er venta å halde fram.

Dei farmakogenetiske testane blir regulert som prediktive gentestar etter bioteknologilova, og må difor oppfylle krav om skriftleg samtykke, genetisk rettleiing og godkjenning av verksemd.

I 2003 vart § 5-6 lagt til bioteknologilova. Denne opnar for føreskriftsmessige unntak frå eitt eller fleire av dei lovpålagte krava for visse farmakogenetiske undersøkingar. Tanken bak var at desse testane er av ein slik natur at det ikkje alltid er føremålstenleg å oppfylle krava.

På dei 11 åra denne paragrafen har vore aktiv har den aldri blitt nytta for å lage føreskrift om slike unntak for farmakogenetiske undersøkingar. Med den raske utviklinga på feltet og auka bruk av dei i ein klinisk kvardag etterspør difor Bioteknologirådet informasjon frå helsemyndigheitene om årsaka til fråværet av føreskrift.

Les brevet til Helse- og omsorgsdepartementet her.