Bioteknologirådet ber om at Noreg må halde fast ved den norske genteknologilovgivinga i EØS-forhandlingane.
Av Audrun Utskarpen
Det er viktig for å halde på nasjonal råderett over dyrking og import av genmodifiserte matplantar, og kan i framtida òg komme til å gjelde fisk og husdyr.
Dei fleste som søkjer om å få godkjent genmodifiserte organismar (GMO-ar) til dyrking og til mat og fôr i EU/EØS, søkjer no under mat- og fôrforordninga i EU. Mat- og fôrforordninga er ikkje teken inn i EØS-avtalen enno. Det har vore forhandla i fleire år utan at resultatet av forhandlingane er klart. Samstundes er Noreg i gang med å vurdere om vi skal godkjenne eller forby fleire GMO-ar som er godkjende under mat- og fôrforordninga, for å vere førebudde når ho blir teken inn i norsk rett.
Tidlegare søkte dei fleste om å få godkjent GMO-ar under utsettingsdirektivet i EU. Utsettingsdirektivet vart teke inn i norsk rett gjennom EØS-avtalen i 2007. Noreg fekk da inn i avtalen at vi kan leggje vekt på andre kriterium enn helse- og miljørisiko når vi vurderer dyrking og import av ein GMO. Det vil seie at vi kan vurdere om GMO-en bidreg til berekraftig utvikling og er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg, slik genteknologiloven krev.
Dersom Noreg ikkje får den same tilpassinga til mat- og fôrforordninga som til utsettingsdirektivet, vil dei fleste søknadene om bruk av genmodifiserte plantar til mat og fôr bli avgjorde i EU, utan at Noreg kan bruke andre argument enn helse- og miljørisiko, og utan at vi sjølve kan avgjere kva som skal importerast.
Noreg har ein årelang tradisjon for å fremje berekraftig utvikling under framforhandlinga av internasjonale avtalar og blir rekna som eit føregangsland på området. EU har nyleg vedteke at kvart land sjølv skal kunne leggje ned forbod mot dyrking av EU-godkjende GMO-ar. Når EU sin politikk ser ut til å gi større nasjonalt spelerom på GMO-området, er det enda større grunn til å halde fast ved ei offensiv rolle når det gjeld berekraft, samfunnsnytte og etikk.
Les brevet frå Bioteknologirådet til Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet