Publisert: 2. november 2015

 

Portrett

Eit fleirtal i Bioteknologirådet vil også opne for at kvinner som har skifta kjønn til mann kan få assistert befruktning for å bli gravide.

Noreg har i dag eit krav om kastrasjon for å gjennomføre endring av juridisk kjønn. Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i eit nytt lovforslag at kastrasjonskravet skal fjernast. Personar som opplever at dei høyrer til eit anna kjønn enn dei er registrert med i folkeregisteret, skal få rett til å endre juridisk kjønn, utan krav om ein bestemt diagnose eller medisinsk behandling.

Departementet foreslår også ei endring i bioteknologiloven. Det blir foreslått at personar som har endra det juridiske kjønnet sitt utan å ha gjennomgått kjønnsbekreftande behandling, kan få assistert befruktning basert på kroppsleg kjønn. Det vil for eksempel seie at ein person som har endra juridisk kjønn frå kvinne til mann kan få assistert befruktning som kvinne, og dermed få hjelp til å bli gravid.

Eit einstemmig Bioteknologiråd støttar i høyringssvaret sitt forslaget om å fjerne kastrasjonskravet for endring av juridisk kjønn. Eit fleirtal på ni av medlemmene i rådet støttar også forslaget om at personar som har endra juridisk kjønn, kan få assistert befruktning på grunnlag av det biologiske kjønnet sitt.

– Fleirtalet i rådet ser ingen tungtvegande grunnar til å nekte desse personane å få den mest hensiktsmessige og ønskte typen assistert befruktning berre fordi dei har endra juridisk kjønn. Føresetnaden er at dei innfrir dei andre krava for assistert befruktning i loven, som blant anna inkluderer ei medisinsk og psykososial vurdering av lege, seier leiar i Bioteknologirådet Kristin Halvorsen, som stemte med fleirtalet i denne saka.

Eit mindretal på fire medlemmer meiner at det juridiske kjønnet til ein person skal avgjere kva slags tilbod om assistert befruktning vedkommande får. Dei understrekar at å endre kjønn er ei viktig, eksistensiell og sjølvvald handling som påverkar kva for rettar ein har i samfunnet. Det same prinsippet bør også gjelde for spørsmål om assistert befruktning, meiner mindretalet.

Les heile høyringssvaret her.

 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Hallvard Kvale (tlf: 976 900 76, epost: hallvard.kvale[at]bioteknologiradet.no)