Éin av tre nordmenn vil utvikle kreft i løpet av livet, og talet auker med forventa levealder og endringar i livsstil. Kreftbehandling utgjer óg store kostnader for helsevesenet. Kva kan nordmenn venta seg av framtidas kreftbehandling?
Tid: Torsdag 3. desember 2015 kl. 18–20
Stad: Konferansesenteret i Sparebank 1 SMN, sal Amfiet, Søndre gate 4, Trondheim
Kreft oppstår på grunn av genmutasjonar. Genetisk analyse av kreftceller kan difor gi meir presis diagnostikk og meir effektiv og skånsam behandling av kreftpasientar. Men for at slik persontilpassa kreftmedisin skal lykkast, trengst både meir forsking, rett utstyr og ein plan for å omsetja vitskapleg kunnskap til god pasientbehandling. Det er særskilt utfordrande å forstå kva slags genvariantar som gir opphav til sjukdom eller påverkar behandlinga, og å finna ut kva for pasientar som kan ha nytte av ulike behandlingar.
Nasjonal kreftsatsing og Norsk Kreftgenomikkonsortium inviterer saman med Kreftforeningen og Bioteknologirådet til eit ope møte for å informera både helsepersonell, pasientar og pårørande om kva kreftgenomikk er, og kva moglegheiter og avgrensingar analysane har for å gi betre diagnostikk og behandling. Kva er utfordringane ved å bringe persontilpassa kreftmedisin ut til pasientane? Kva kan nordmenn venta seg av kreftbehandling i framtida?
Program:
Kva skjer i forskingsfronten innan kreftgenomikk: Ola Myklebost, leiar for Norsk Kreftgenomikkonsortium (NCGC) og kreftforskar ved Oslo Universitetssykehus Radiumhospitalet i Oslo. Sjå http://kreftgenomikk.no
Persontilpassa kreftbehandling: Per Eystein Lønning, leiar for Nasjonal Kreftsatsing og onkolog ved Haukeland Universitetssjukehus. Sjå http://kreftsatsing.no
Korleis blir kreftgenomikk og persontilpassa kreftmedisin brukt i Trondheim? Anders Sundan, professor ved Institutt for kreftforsking og molekylær medisin, NTNU.
Kommentar ved Anne Lise Ryel, Generalsekretær i Kreftforeningen.
Spørsmål frå salen og diskusjon i plenum.
Møtet er gratis og ope for alle. Vi serverer kaffe og te.
Arrangørar: Nasjonal kreftsatsing, Bioteknologirådet, Kreftforeningen, Kreftgenomikk.no