Sjå video av Arne Holst-Jensens sitt foredrag 20. januar 2016.
Vil ny kunnskap om innhaldet i tarmen vår endre synet på sjukdom og helse? Og kjem transplantasjon av tarmbakteriar til å verte ei standardbehandling mot enkelte sjukdommar?
Arne Holst-Jensen er forskar ved Veterinærinstituttet og medlem i Bioteknologirådet. Høyr Arne Holst-Jensen snakke om mikrobiotaen og mikrobiomet.
Tid: 20. janaur 2016, 8.30-9.30
Stad: Oslo, Håndverkeren
Arrangør: Bioteknologirådet
Ny serie med frukostforedrag
Bioteknologiske nyvinningar opnar stadig nye moglegheiter for helsevesen, industri og hav- og landbruk. Ny kunnskap kan snu opp-ned på kjende etiske problemstillingar, eller stille oss overfor heilt nye spørsmål. I denne serien med frukostforedrag vil fagfolk fortelje om siste nytt frå bioteknologisk forsking og bioetiske debattar. Det vil dreie seg om nyheiter som vi trur vil komme til å prege samfunnsdebatten i tida som kjem. Følg med på nettsidene våre for info om fleire arrangement. Det blir enkel frukost og høve til å stille spørsmål etter kvart foredrag. Velkommen!