Publisert: 9. februar 2016

Nelliker
Illustrasjonsfoto: iStock.

Det er ingen vesentlege grunnar til å forby import av genmodifiserte nellikar med endra farge, meiner rådet.

Bioteknologirådet tilrår at det ikkje bør leggjast ned forbod mot import av snittblomster frå dei genmodifiserte nellikane Moonaqua, Moonlite, Moonberry og Moonvelvet. I nellikane er det sett inn gen frå fiol og petunia som gir dei lilla farge.

EU har godkjent søknaden frå selskapet Florigene om å få lov til å importere desse nellikane for sal i blomsterbutikkar. Når ein GMO er godkjend i EU, skal Noreg vurdere om det skal leggjast ned forbod etter genteknologiloven, eller om det skal vere lov å omsetje produkta i Noreg. Bioteknologirådet er ein av høyringsinstansane for slike søknader, og har særleg ansvar for å vurdere om ein GMO bidreg til berekraftig utvikling og er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg.

– Etter ei heilskapleg vurdering ser Bioteknologirådet ikkje grunn til at Noreg skal leggje ned forbod mot desse nellikane. Nellikane utgjer ikkje nokon helse- og miljørisiko. Og sjølv om dei ikkje har nokon spesiell samfunnsnytte eller bidreg spesielt til berekraftig utvikling, meiner vi at ein i denne saka ikkje treng å leggje avgjerande vekt på dette, seier leiar i Bioteknologrådet Kristin Halvorsen.

Bioteknologirådet peikar likevel på at eit av produsentlanda, Ecuador, har eit grunnlovsforbod mot produksjon av GMO-ar, og ber styresmaktene undersøkje dette nærmare.

Klikk her for å lese heile fråsegna.

 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Hallvard Kvale, 976 900 76 eller hk[at]bioteknologiradet.no.