Publisert: 3. februar 2016

Autisme, schizofreni, bipolar liding og ADHD er dei psykiske lidingane som i dag ser ut til å vere mest arvelege. Men vegen frå å finne genetiske samanhengar til ein eventuell medisin er lang. Foto: iStock.
Foto: iStock.

Studiar med store mengder data har gitt betre innsikt i genetiske faktorar som påverkar psykisk sjukdom. Kva veit vi eigentleg om samanhengen mellom genetikk og mental helse?

Av Truls Petersen i tidsskriftet GENialt

 

Forsking på forholdet mellom genetikk og psyke vart tidlegare kalla molekylærgenetikkens kyrkjegard, seier professor Ole Andreas Andreassen, som forskar på genetiske årsaker til alvorlege psykiske lidingar som psykosar, schizofreni og bipolar liding. Forsøka på å finne enkeltgen som kunne forklare psykisk sjukdom, feila igjen og igjen, trass i at slike sjukdommar i stor grad er arvelege.

Den teknologiske utviklinga skulle komme til å endre dette. På ei lita databrikke kan ein kartlegge enorme mengder genetisk informasjon. Dermed var storskala genundersøkingar mogleg. I dag kan forskarar undersøke ein million genvarianter frå fleire titals tusen menneske i ein studie. Med ny teknologi kunne forskarar byrje å leite etter komplekse mønster som den tidlege forskinga berre hadde gitt hint om.

– Teknologien revolusjonerte den psykiatriske genetikken, fortel Andreassen.

Både arv og miljø

Dei siste tiåra har vi fått stadig meir kunnskap om korleis genetikk påverkar den generelle helsa til menneska. I nokre få tilfelle kjenner vi den enkelte genmutasjonen som forårsakar alvorleg sjukdom som til dømes cystisk fibrose. Samstundes har vi også lært at dei fleste trekk ved mennesket er eit resultat av eit komplekst samspel mellom mange gen og miljøet vi veks opp og lever i.

Andreassen fortel at dette også gjeld for forskinga på genetikk og mental helse. Ein har derfor slutta å leite etter eit enkelt gen, eit enzym eller ein mutasjon som kan forklare forskjellar i mental helse.

– I byrjinga ønskte forskarar å finne schizofrenigenet, genet for depresjon og så vidare. Denne forskinga ga lite resultat. I staden ser ein no etter såkalla polygene samanhengar, der mange gen verkar inn, og korleis desse verkar i lag med miljøeffektar.

108 gen knytte til schizofreni

Dei psykiske lidingane som i dag ser ut til å vere mest arvelege, er autisme, schizofreni, bipolar liding og ADHD. Også alkoholisme og røyking ser ut til å vere arveleg i stor grad. I tillegg er det mykje forsking på gen knytte til depresjon, eteforstyrringar, tvangslidingar og posttraumatisk stress.

Men vegen frå å finne genetiske samanhengar til ein eventuell medisin er lang, understrekar Andreassen. Forskarar har funne heile 108 genetiske variantar som er knytte til diagnosen schizofreni, og det ser ut til å vere ei uheldig blanding av vanlege genvariantar som kan skape sjukdom.

– Eg kan ha nokre vanlege genvariantar, du kan ha nokre andre, medan det nok er kombinasjonen av mange slike variantar som kan gi sjukdom, forklarar Andreassen. Han legg også vekt på at miljø speler ei viktig rolle for utviklinga hos eit individ.

– Hjernen blir ikkje berre påverka av kjemi. MRI-bilete (magnetic resonance imaging) av hjernen har vist at han også blir påverka av miljøstimuli.

Ole Andreassen
Forsking tyder på at det kan vere både positive og negative effektar av ein genvariant. – Da kan det bli vanskeleg å finne ny behandling utan at det også vil redusere dei positive eigenskapane, seier professor Ole Andreas Andreassen.

Andreassen fortel at psykososiale forhold speler inn, og ein veit at visse periodar i barndommen er særleg viktige. Kunnskap om epigenetikk tyder vidare på at opplevingar kan påverke kva gen som vert skrudd på. Studiar av rotter syner også at slike endrin- gar kan skje i hjernen.

Kva er psykisk sjukdom?

Utviklinga innan psykiatrisk diagnostikk har møtt kritikk for at det blir fleire diagnosar, og for at kriteria for kva som blir rekna som sjukdom, er for vide. Fleire peiker på at normaltilstandar, som til dømes sorg, blir kalla sjukdom, og at det er ei uheldig utvikling. Andreassen meiner genforskinga ikkje gir føringar for korleis ein skal vurdere ulike symptom. Han seier psykisk sjukdom ikkje alltid kan sjåast som noko som ein enten har eller ikkje har, men at det ofte er snakk om alvorlege gradar av eit normalt fenomen. Blir symptoma så ille at det går utover funk- sjonsevne eller fører til stor liding, går det over grensa for sjukdom, fortel Andreassen.

– Eit godt døme er frykt eller redsel. Det er ei normal kjensle som alle har. Blir det for mykje, slik at det går ut over jobb, familie eller sosiale relasjonar, da er det ikkje lengre normal frykt, men angstliding og uhelse. No kan ein sjå tendens til den same graderinga på gennivå, at det er dei same gena som er involverte ved normaltilstandar og ved sjuk- dom. Kombinasjonen av gen speler inn, men også korleis eit gen er uttrykt.

Dei komplekse samanhengane mellom arv og miljø gjer at det enno er langt fram til forskinga på genetikk og psykiske lidingar kan føre til nye medisinar. Andreassen vonar at ein i framtida vil kunne sjå meir på korleis miljøfaktorar som til dømes stress verkar i samspel med genetikken. Men medan ein ventar på ny behandling, kan ein kan hende nytte testar til å førebygge sjukdom.

– I første omgang kan ein kanskje skilje mellom dei som vil bli friske raskt, og dei som treng lengre behandling, og mellom dei som treng mykje medisinar, og dei som ikkje vil trenge det.

Positive og negative effektar

Andreassen er lite oppglødd for tanken på at folk kan ta genetiske sjølvtestar på eiga hand for å prøve å finne ut om dei har anlegg for psykiske lidingar. Han vil ikkje heilt avskrive potensialet i slike testar i framtida, men påpeiker at så lenge testane ikkje kan gi meir definitive svar og diagnosar, er det fare at for at dei kan bli meir til uro enn til nytte.

Sjølv om forsking kan gi mykje ny kunnskap om årsakene til psykiske lidingar og personlegdomstrekk, så er det i dag vanskeleg å nytte kunnskapen til behandling, også for fagfolk, understrekar Andreassen. Han fortel at mange av genvariantane som aukar risikoen for psykiske lidingar, også kan vere kopla til gunstige menneskelege eigenskapar. Mellom anna har fleire store kunstnarar og historiske personlegdomar som Winston Churchill og Henrik Wergeland truleg hatt bipolar liding.

– Det tyder på at det kan vere både positive og negative effektar av ein genvariant. Da kan det bli vanskeleg å finne ny behandling utan at det også vil redusere dei positive eigenskapane. Dette er eit tankekors, og noko som er viktig å vere førebudd på når meir av det genetiske landskapet for psykiske lidingar blir kartlagt.

Sjå også video frå vårt ope møte om genetikk, mental helse og personlegdom (nov, 2015)