Sjå video frå vårt opne møte om genmodifisert laks.
I november 2015 godkjende USA for første gong ein genmodifisert laks for sal. Korleis vil den genmodifiserte laksen påverke miljøet, og kva vil genmodifiseringa ha å seie for helsa til laksen og dei som skal ete han? Vil den nye laksen truge Noregs stilling som verdas største innan fiskeoppdrett?
Tid: Torsdag 11. februar, kl. 18–20
Stad: Litteraturhuset i Bergen, Auditoriet
Innlegg:
Innleiing ved Audrun Utskarpen, fung. direktør i Bioteknologirådet
Håvard Bakke, direktør i Salmobreed
Rune Waagbø, forskingssjef, fiskeernæring, fiskevelferd og -helse, NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking
Egil Ove Sundheim, fiskeriutsending til USA i Noregs sjømatråd
Audun Helge Nerland, professor, Universitetet i Bergen
Ordstyrar: Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet
Arrangørar: Bioteknologirådet, Havforskingsinstituttet og Nifes – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking