Publisert: 14. mars 2016

 Genredigering

Det blir kalla det største bioteknologiske gjennombrotet i dette århundret, og du kan like godt lære deg namnet først som sist: CRISPR.

Gensaksa CRISPR klipper i DNA og er den siste av fleire nye metodar for å endre gen, såkalla genredigering. CRISPR gjer det mogleg å endre gen i alle organismar og celletypar, og blir nytta til alt frå å studere utvikling av sjukdom til å produsere genmodifiserte organismar med spesielle eigenskapar. Teknikken har potensial til å endre medisinsk behandling og bioteknologisk industri. Til dømes freistar forskarar og legemiddelselskap no å utvikle nye kreftbehandlingar ved hjelp av CRISPR.

Men med slike moglegheiter følgjer nye, utfordrande etiske problemstillingar. Metoden gjer det mellom anna mogleg å redigere arvestoffet i kjønnsceller og embryo, endringar som kan gå i arv til alle etterfølgjande generasjonar. I tillegg gjer teknologien det potensielt mogleg å spreie genmodifiseringar i naturlege økosystem. Forskarar ønskjer mellom anna å nytte metoden på mygg for å stanse spreiing av malaria. Veit vi nok om konsekvensane til å tore dette?

Kva er eigentleg CRISPR? Kvifor alt oppstyret? Kva kan genredigering nyttast til no og i framtida? Korleis skal vi handtere moglegheitene og utfordringane metoden gir?

Høyr seniorrådgivar Sigrid Bratlie Thoresen i Bioteknologirådet fortelje deg alt du treng å vite om CRISPR.

Tid: 26. april, kl. 8.15–9.30
Stad: Bergen, Litteraturhuset, sal Olav H. Hauge

Gratis inngang. Vi serverer frukost frå 8.15.

 

Meir om genredigering:

Sigrid Bratlie Thoresen forklarar CRISPR på eitt minutt på nrk.no.

Les meir: Artikkel om CRISPR i magasinet vårt, GENialt.

Les meir: Bioteknologirådet vil tillate forsking på genmodifiserte embryo.