Publisert: 19. mai 2016

Genmodifisert laks som svømmer
Genmodifisert AquAdvantage-laks i oppdrettsanlegg på Prince Edward Island i Canada. (Foto: AquaBounty)

Før jul vart den første genmodifiserte laksen i verda godkjend for sal i USA, og selskapet som står bak, siktar mot nye marknader. Kan genmodifisert laks konkurrere ut norsk oppdrettsfisk internasjonalt?

Av Truls Petersen i tidsskriftet Genialt

19. november i fjor vart eit genmodifisert dyr for første gong godkjent som mat for menneske, då mat- og legemiddeltilsynet i USA, Food and Drug Administration (FDA), godkjende laksen AquAdvantage for sal i USA. Avgjerda vart møtt av sterke protestar frå grupper av forbrukarar, forskarar og politikarar som hevdar det ikkje er godt nok bevist at laksen ikkje utgjer ein trussel mot helse eller miljø.

Ronald Stotish
Ronald Stotish

Direktør Ronald Stotish i selskapet AquaBounty, som skal produsere laksen, seier til GENialt at selskapet held fram med planane sine, uavhengig av protestane.

– Om du spør om vi kan tene pengar på denne fisken, så er svaret definitivt ja. Vi har også andre tilsvarande produkt under utvikling som vi har stor tru på. Denne maten er heilt trygg, seier Stotish.

29. januar i år gjorde FDA ein førebels retrett. Godkjenninga er sett på vent fram til det er laga retningslinjer for merking, både av fisken og av mat som er laga av han. Det er uvisst når slike retningslinjer vil vere klare. Likevel er det på tide å spørje kva konsekvensane av godkjenninga kan bli: Kan genmodifisert laks bli ein global konkurrent for norsk oppdrettsfisk? Og er det utenkjeleg at nokre norske fiskeoppdrettarar vil ønskje å kunne genmodifisere fisken dei lagar?

Genmodifisert for vekst

AquAdvantage er ein variant av atlanterhavslaks som er genmodifisert for å nå slaktevekt raskare. Den genmodifiserte utgåva har fått sett inn to bitar med DNA frå andre artar: eit vekstgen frå slektningen kongelaks og ein DNA-bit (promotor) som styrer aktiviteten til genet, frå fiskearten ålekone. Vekstgenet gjer at den genmodifiserte laksen veks fortare, og promotoren gjer at genet er aktivt heile året. AquaBounty planlegg å klekkje lakseegga i Canada, medan sjølve fiskeoppdrettet skal skje i landbaserte anlegg i Panama.

Ifølgje produsenten vil AquAdvantagelaksen utnytte fôret betre og nå slaktevekt dobbelt så raskt som annan oppdrettsfisk. Han skal med andre ord trenge mindre fôr før han sjølv blir mat for oss menneske. Dermed vil han vere billegare å produsere, og dette gjev produsenten ein klar fordel. Stotish meiner fisken også er meir miljøvenleg:

– Vi trur AquAdvantage-laksen er mindre ressurskrevjande og meir berekraftig enn annan oppdrettslaks. For land som ikkje har dei naturressursane de har i Noreg, er oppdrett på land eit veldig interessant alternativ.

Les også: Korleis laksen vart husdyr

 Like trygg som annan fisk?

FDA konkluderte i november, basert på data frå AquaBounty, med at fisken er like trygg å ete som vanleg oppdrettslaks. Organet rapporterte at gena som er sette inn, er stabile over fleire generasjonar, at innføring av nye gen ikkje gjer at fisken lir, og ikkje minst at laksen veks så fort som produsentane hevdar. Faren for at fiskane skal rømme og blande seg med villaks er ifølgje FDA svært låg. Grunnen er at ein skal halde fisken i lukka anlegg på land, og egga skal bli bestrålte, slik at dei blir sterile. Ifølgje eigne tal frå selskapet vil tre prosent av laksen likevel ikkje bli steril.

Kritikarane meiner at verken helse eller miljørisiko er greidd ut godt nok, og at datagrunnlaget som konklusjonane byggjer på, er for svakt. Enkelte forskarar meiner å ha funne fleire endringar i gena til laksen enn dei AquaBounty har rapportert om. Funna har skapt uro for risiko både for menneske og for helsa og velferda til fisken. Fagmiljø har etterlyst moglegheiter for å gjere eigne studiar av fisken.

Den kanskje største uvissa ved prosjektet er marknaden. Over to millionar amerikanarar har protestert til FDA mot godkjenninga av AquAdvantage-laksen – den største protesten mot ei FDA-avgjerd nokon gong. Over 60 matvarekjeder har sagt at dei ikkje kjem til å selje fisken.

Egil Ove Sundheim, som jobbar for Norges sjømatråd i Boston, trur Aqua- Bounty har trendane mot seg. Amerikanarar et mykje genmodifisert mais og soya i ferdigmat, men fiskesegmentet er ifølgje Sundheim spesielt. Han meiner at dei aktuelle forbrukarane ønskjer kortreist, rein, naturleg og økologisk mat, og vil seie nei til den genmodifiserte laksen.

Laks som døropnar?

AquaBounty-direktør Stotish trur forbrukarane vil endre syn på GMO-mat. Likevel spekulerer enkelte på om selskapet verkeleg forventar å tene pengar på laksen sin, eller om ikkje den eigentlege forretningsideen er at laksen skal fungere som døropnar for andre genmodifiserte produkt.

AquaBounty har førebels berre kapasitet til å produsere rundt 100 tonn laks i året. Dette er lite med tanke på at årleg import av atlantisk laks til USA i dag er på over 200 000 tonn. Spekulasjonane har fått meir næring ved at Intrexon, som er største aksjonær i AquaBounty, i det siste har kjøpt opp ei rekkje selskap som har patentar på bioteknologiske oppfinningar.

Stotish avviser spekulasjonane. Han fortel til GENialt at lakseproduksjonen allereie er i gang, trass i det uavklarte spørsmålet om merking. Han stadfestar også at AquaBounty håpar å kunne selje laksen i Canada, Argentina, Brasil og Kina, men ser ingen grunn til å søkje om å få selje han i EU, på grunn av den strenge reguleringa av genmodifisert mat der. Samtidig stadfestar han at selskapet har fleire andre patentar under utvikling.

Les også: Gentestar laks mot sjukdom

Norsk skepsis

Håvard Bakke
Håvard Bakke

Mange miljø i Noreg er lunkne til AquaBounty-laksen. Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening har tidlegare sagt at genmodifisert laks er uaktuelt for Noreg. Fleire norske forskarar og bransjefolk tvilar også på lovnadene frå AquaBounty om at laksen deira veks så mykje fortare enn annan laks. Dei peikar på at norsk oppdrettslaks er avla fram for høg fôrutnytting og har såkalla breie avlsmål, som vil seie at fisken skal vere robust og prestere godt innanfor mange ulike eigenskapar.

Håvard Bakke, direktør i det norske oppdrettsfirmaet Salmobreed, fortel at Salmobreed har samanlikna sin eigen fisk med tala for AquAdvantage. Han hevdar skilnaden i vekstfart er minimal og er ikkje uroa for konkurransen frå genmodifisert fisk.

– Skilnaden i tilvekst var truleg merkbar for nokre år sidan. Men med klassisk avl betrar ein eigenskapane for kvar generasjon, og vi har framgang heile tida, slik at norsk laks etter kvart veks raskare enn den genmodifiserte.

I eit brev til FDA under ei open høyring i 2013 kritiserte den dåverande Bioteknologinemnda FDA for ikkje å ha vurdert miljøkonsekvensar utanfor USA, altså i landa der ein skal produsere fisken. Også Utviklingsfondet og miljøorganisasjonar i Noreg har sagt seg kritiske til godkjenninga.

Høgt spel?

Audun Nerland
Audun Nerland

Audun Nerland, professor i biologi ved Universitetet i Bergen, meiner derimot at det er høgt spel av norske fiskeoppdrettarar dersom dei satsar på at forbrukarar ikkje vil ha GMO-mat. Haldningane til forbrukarane kan endre seg raskt, trur han, og utviklinga av nye typar produkt kan endre debatten og haldningane til GMO-ar. Han trur godkjenninga av laksen vil gjere at utviklinga av GMO-ar skyt fart, også for produkt som har meir openberr samfunnsnytte. Då kan Noreg risikere å hamne bakpå.

Det største problemet innanfor oppdrett i dag er rømming i stort omfang, meiner Nerland, og peikar på at dette trugar villfiskstammane. For å bøte på dette forskar ein i dag på fisk som er steril, såkalla triploid laks. Det gjer ein ved å utsetje rogna for høgt trykk. Dette gjer at fisken får to kromosomsett frå mor og eitt frå far. Nerland understrekar at denne metoden ikkje er 100 prosent effektiv. Enkelte av fiskane som rømmer, vil kunne pare seg med villfisken i elvane og dermed forstyrre formeiringa til villfisken.

Selskapet som eig brorparten av aksjane i AquaBounty, har utvikla ein metode som gjer det mogleg å endre nokre av gena som styrer kjønnsmodning. Slik kan ein lage fisk som berre blir kjønnsmodne dersom ein tilfører eit visst stoff, til dømes gjennom fôret. Avkoma som blir sette i sjøen, vil ikkje kunne bli kjønnsmodne, og dermed vil dei ikkje kunne formeire seg i naturen og truge villfisken på den måten.

Les også: Den stripete supermodellen

Bør satse på forsking

Eit anna døme Nerland framhevar, er lakselus:

– Tenk deg at det vart utvikla ein genmodifisert laks som var resistent mot lakselus. Det ville endre synet på teknologien. Og i same augneblink som forbrukarane skiftar meining, vil butikkjedene også gjere det, seier han.

Bakke i Salmobreed innrømmer at ein fisk som er resistent mot lakselus, ville ha skapt ein annan diskusjon. Han er einig med Nerland i at Noreg bør satse på forsking på genmodifisering.

– Det er viktig at norske forskingsmiljø har god kompetanse på feltet. Både for å kunne avvise og eventuelt tilrå metodar for bruk av GMO i framtida, seier Bakke.

 

———–

Difor meiner eg AquAdvantage-laksen kan ha positive konsekvensar:

Laks-Holst-Jensen_webArne Holst-Jensen, seniorforskar ved Veterinærinstituttet
AquaBounty-laksen er ikkje det beste svaret på problemet han er laga for å løyse. Og oppdrettsnæringa har vesentleg større utfordringar enn å få fisken til å vekse litt fortare. Likevel er det nokre spennande sider ved denne laksen. Sjukdom, svinn og avgrensa tilgang til eigna fôr er nokre av dei viktigaste utfordringane for oppdrettsnæringa. Lukka anlegg kan under visse føresetnader bidra til å redusere sjukdom, rømming og miljøkonsekvensar.  Det sentrale spørsmålet ved AquaBountylaksen gjeld fôrutnyttinga: Laks treng ein stor del fiskemjøl eller liknande i fôret. Dette er ein knapp ressurs, og det får negative konsekvensar både for økonomi, miljø og berekraft. Ein laks som utnyttar fôret betre, vil vere meir berekraftig, samfunnsnyttig og økonomisk lønsam. Mitt fremste håp for denne laksen er at han kan vere med på å bane veg for noko anna: At nokon ein dag søkjer godkjenning for eit genmodifisert produkt som gjev ei verkeleg god og berekraftig løysing på ei større utfordring!

Difor meiner eg AquAdvantage-laksen kan ha negative konsekvensar:

Laks_Waagbø_webRune Waagbø, forskingssjef i NIFES
I spørsmålet om ein bør produsere denne laksen, må vi vurdere både økologi, velferd, mattryggleik og lover. Det er observert endringar i morfologi, fysiologi og åtferd hos genmodifiserte fiskar som har fått sett inn gen for veksthormon, men det er mindre kjent korleis dette påverkar velferda til fisken. Dette er endringar som anten kjem direkte som ei følgje av meir veksthormon eller at den raske veksten påverkar fysiologien. Utfordringa er at fleire vev produserer veksthormon hos den genmodifiserte fisken, og dermed har han ikkje dei normale hormonelle kontrollmekanismane som vanleg laks har på kort sikt og gjennom året. Dette bør ein undersøkje nærare. Spørsmålet er om fisken har nådd sitt ytste i fysiologisk yteevne, slik at han dermed ikkje er like robust som ordinær laks. Fisken har betre fôrutnytting, men den raske veksten fører også til at han er meir aggressiv i matfatet for å få nok næring. Det er lite kunnskap om fiskehelse og -velferd hos genmodifisert laks. For å sikre dette bør ein også avklare om genmodifisert fisk har andre ernæringsbehov enn konvensjonell laks