Publisert: 11. august 2016

Kasse med fiskehoder

Norsk bedrift skaper nye verdiar av fiskeavskjer.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet Genialt

Det smakar ikkje så mykje av den gulkvite drikken vi får servert. Han er litt salt, men smakar i alle fall ikkje fisk. Hos firmaet Biomega på Sotra nyttar dei spesielle stoff kalla enzym til å bryte ned fiskerestar til protein og olje som kan brukast til nye produkt. Slik kan fiskesmaken òg bli borte. Etter kvart håpar Biomega å kunne selje protein som kan brukast i energidrikkar og andre produkt til næringsmiddelindustrien og til helsekost. I dag er hovudproduktet fôr til kattar og hundar.

– Enno er det få som nyttar enzym til å lage nye produkt på den måten vi gjer. Det er ein spennande industri som vi berre har sett starten på, seier direktør Jan Arne Vevatne.

Råstoff på avvegar

Nede ved sjøkanten i Skogsvåg på Sotra ligg den nye, kvite fabrikkbygningen frå 2012. Hit kjem lastebilar éin gong i veka, frå Frøya i nord til Bømlo i sør, med konteinarar fulle av fiskerestar som er til overs frå båtar og fileteringsanlegg. Halvparten er innmat, og resten er hovud, rygg og avskjer.

Fram til midten av 1980-talet var det vanleg å kaste fiskeavfall på sjøen, og sjølv om det fanst bedrifter som tok imot, lønte det seg meir å dumpe det. Da den første fabrikken kom i drift i 2002, fekk Biomega betalt når dei tok imot fiskerestane. Etter kvart måtte dei betale det det kosta å få råstoffet levert, og i dag betaler dei om lag 50 millionar kroner for 350 000 tonn råstoff i året.

Jan Arne Vevatne
– Dette er ein spennande industri som vi berre har sett starten på, seier Jan Arne Vevatne i Biomega.

– Vi nyttar absolutt alt av råstoffet, og det blir ikkje noko avfall frå produksjonen. Kravet er at råstoffet må vere godkjent for bruk i mat til menneske, seier Vevatne, og legg til:

– Framleis er det lov å hive ein del fiskerestar på havet, særleg torsk, og ein del laksehovud og laksebein blir selt til utlandet. Her ligg det store verdiar som bør utnyttast, og som kan gi grunnlag for arbeidsplassar i Noreg.

Ferske råvarer

Råstoffet må vere næringsmiddelgodkjent. Det vil seie at Mattilsynet stiller same krav som til fisk som skal seljast i butikken, og Biomega må kunne syne med kjemiske og bakteriologiske analysar at råstoffet er ferskt. Medan fisken i butikken kan vere opp mot fjorten dagar gammal, må råstoffet til Biomega ikkje vere eldre enn 48 timar.

Det vanlegaste har vore å tilsetje syre til fiskerestane. Det øydelegg proteina og ein får ein masse som blir kalla ensilasje, som ein kan utvinne olje frå. Mange gjer framleis dette i dag, men Biomega ønskte å utvikle ein metode for å skilje ut protein og olje som tok betre vare på råstoffet og har spesialdesigna ein reaktor til det formålet. Heile prosessen er patentert.

Fiskehovud og fiskeavskjer

Inne i fabrikkhallen luktar det fisk. Oppe på ein plattform ligg reaktoren, ein tank der fiskehovud og fiskeavskjer blir kverna opp. Samstundes blir det tilsett vatn og det som er spesialiteten til Biomega: enzym som klipper opp fiskeproteina i småbitar.

Eit enzym er eit protein som fremjar ein kjemisk reaksjon utan sjølv å bli brote ned. Ulike typar enzym gir proteinbitar med ulik lengde og ulik smak. Ofte gjentar dei prosessen med eit anna enzym for å få det produktet dei ønskjer. Dei eksperimenterer òg med nye enzym for å få fram nye smakar.

Etter ein time er fiskerestane brotne passe ned, og blir sende over i ein ny tank. Her gjer temperaturen på 95 grader at enzyma sluttar å verke. Massen blir så sentrifugert slik at beina og dei uløyselege proteina søkk til botnen, medan oljen hamnar øvst. Dei små proteinbitane (peptida) som er løyselege i vatn, blir liggjande i midten.

Til slutt blir det lysebrune tørrstoffet dampa inn og skiftar farge til kvitt. Heile prosessen frå råvarene kjem inn til ferdig produkt tek berre nokre timar.

100 tonn i veka

Fabrikken er i drift heile døgnet, kvar dag heile året. Frå kontrollrommet styrer to mann produksjonen ved hjelp av dataskjermar der dei har oversikt over heile prosessen. Enzyma skal verke like lenge på fiskerestane kvar gong, elles smakar produktet ulikt. Blir dei brotne ned for mykje eller på feil stad, kan det smake bittert, og får du olje i mjølet, blir det klebrig, og utstyret kan tette seg.

I lagerhallen er det stabla mjøl og protein innpakka i kvit plast i reolar frå golv til tak. Biomega lagar 100 tonn mjøl i veka. Frå tankar på utsida av fabrikken blir fiskeoljen send i røyr dei hundre metrane bort til kaia, der tankbåten ventar. Biomega eksporterer i dag alle produkta sine til utlandet, først og fremst til EU og USA. Det meste går til produsentar som lagar fôr til katt og hund, medan noko går til fiskefôr og til anna dyrefôr.

Nye produkt

Biomega utviklar òg nye produkt, og målet er å lage produkt som kan nyttast i mat som brød og kjeks eller i energidrikkar. Da må proteina klippast opp i bitar som ikkje smakar fisk.

– Vi vil tene meir på produkt til menneske enn på dyrefôr, men vi har bygd opp eit volum med fôr til dyr for å få økonomi i produksjonen, seier Vevatne.

Han ser òg for seg å lage lakseprotein til sjuke eller underernærte som dei kan få som proteinshake saman med mjølk. Ein annan idé er å lage proteinprodukt som kan stabilisere blodsukkeret for folk med diabetes. Dei eksperimenterer òg med ein treningsdrikk som er tilsett aloe vera. For alle desse formåla er det er viktig at proteina ikkje luktar eller smakar av fisk. Dei ønskjer òg å lage produkt som er fri for fiskeallergen.

Nye enzym

Biomega er med i eit forskingsprosjekt ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås, der målet er å finne nye enzym med spesielle eigenskapar. Forskarane hentar opp bakteriar som lever mellom varme kjelder og kaldt hav på botnen av Barentshavet og undersøkjer kva enzym som finst i dei og kva eigenskapar enzyma har. Enzym som finst i desse bakteriane verkar gjerne ved låg temperatur, og det vil gjere at råstoffet ikkje blir så fort øydelagt. Det er òg mogleg å nytte genteknologi til å endre på enzyma slik at dei verkar enda betre.

– Førebels ligg nok desse nye enzyma litt i framtida for oss, men det nærmar seg at dei har funne nokre kandidatar vi kan teste, seier Vevatne, og legg til:

– Det er ei heil verd her som ventar på å bli utforska.