Publisert: 25. august 2016

 

Foto: iStock
Foto: iStock

Kloning av utdøydde dyr, er det mogleg? Praktisk? Forsvarleg?

Frukost og foredrag ved Petter Bøckman, universitetslektor ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Omgrepet  «kloning» er for mange negativt lada og knytt til ideen om å lage kunstige genetiske menneskekopiar i laboratoriet. Men kloning kan vere både naturleg og nyttig.

Sjå video av foredraget. 

Kloning skjer til dømes når einegga tvillingar blir danna, eller når ein flatorm blir delt i bitar, og kvar enkelt bit gir opphav til eit nytt individ.

Normalt sørger naturen for at avkom alltid er ulik opphavet sitt, ved at DNA-et blir arva frå både mor og far. Det er med på å sikre genetisk variasjon, som er heile grunnlaget for evolusjonen av artar. Ved kloning blir det danna genetisk like individ, det vil seie individ eller organismar som har identisk arvestoff (gen).

No arbeider forskarar med å nytte kloning for å bringe tilbake utdøydde dyr. Mest kjent er ei forskargruppe ved Harvard University i USA, som vonar å bringe mammuten tilbake på jorda, fleire tusen år etter at arten døydde ut.

Men er det teknisk mogleg å klone og avle opp levedyktige bestandar av utdøydde dyr? Og er det ønskjeleg og forsvarleg å sette utrydda dyr attende i naturen?

Tid: Torsdag 15. september kl. 8.15–9.30 (Gratis frukost frå 8.15, foredrag 8.30)
Stad: Håndverkeren, Sangerhallen (5. etg.), Oslo

Ope for alle.