Publisert: 26. august 2016

Mygg som suger blod
Flere hundre millioner mennesker smittes årlig av tropiske sykdommer som malaria og denguefeber, som spres av myggbårne virus og parasitter. (Foto: iStock)

Kan ein ny metode for å endre gen i dyr stoppe spreiing av malaria og zika?

Frukost og foredrag ved Sigrid Bratlie Thoresen.

Ope for alle.

Sjå video frå foredraget her.

Malaria, dengue-feber, zika… Myggen kan vere irriterande, men også livsfarleg. Ingen andre dyr er årsak til like mykje liding for oss menneske. No har forskarar utvikla eit våpen mot mygg som spreier smitte – ein gen-drivar — som bygger på den nyaste teknologien for å gjere endringar i gen, CRISPR/CAS9.

Som hos mennesket arvar nyklekka mygg to kopiar av alle gen, éin frå kvar forelder. Gen-drivaren gjer at dei ønska genmutasjonane frå ein forelder blir arva saman med ei «gensaks», som «klipper» mutasjonane inn i det normale genet frå den andre forelderen. Slik kan endringane bli spreidde til så godt som alle avkomma.

Metoden kan nyttast til å spreie eit gen som kan verke mot sjukdom. Han kan også gjere det mogleg at berre hannmygg blir laga. I løpet av få generasjonar kan dermed ein heil populasjon utslettast. På sikt kanskje ein heil art.

Gen-drivarar kan brukast til så mangt. Nokon ønskjer å kontrollere skadedyr. Andre vil reversere sprøytemiddelresistens i ugras. Kanskje kan vi også spreie gen til truga dyreartar slik at dei blir meir robuste? Kva om nokon vil bruke gen-drivarar til bioterror?

Det er også usikkert kva konsekvensar slike genetiske endringar kan få. Naturen er kompleks, og kvar endring kan få følgjer vi ikkje har oversikt over. Også myggen har andre funksjonar enn å irritere og spreie smitte.

Sigrid Bratlie Thoresen har bakgrunn frå forsking og arbeider i dag som seniorrådgjevar i Bioteknologirådet.

Tid: 20. oktober kl. 8.15—9.30 (Frukost frå 8.15, foredrag startar 8.30)
Stad: Oslo, Håndverkeren, Galleriet (1.etg.).

Les meir: Gen-drivere — magisk medisin eller villfaren vitenskap?