Publisert: 23. september 2016

Foto: iStock.
Foto: iStock.

Korleis blir DNA-analysar nytta i etterforsking og i rettssalen? Kva svar gir testane eigentleg — og korleis kan feil oppstå? Velkommen til frukostforedrag med Mariam Bouzga.

Nye analysar av sytten år gamle DNA-spor gjorde at ein mann nyleg vart kjend skyldig i drapet på Kristin Juel Johannessen i 1999. Betre analyseteknikkar gjer at det no krevst svært lite biologisk materiale for å få fram ein DNA-profil. Men betre teknologi gjer òg arbeidet meir krevjande. Feil kan truge rettstryggleiken til enkeltpersonar.

Første gong DNA-bevis blei brukt i ei norsk rettssak var i 1988, i ei valdtektssak. Sidan har DNA-analysar blitt ein sentral del av etterforskingsarbeidet. I dag blir dei brukte både til å identifisere kven som har avsett spor på ein åstad, og til å slå fast kven som er utanfor mistanke.

Mariam Bouzga jobbar som rettsgenetikar ved Folkehelseinstituttet, som utfører DNA-analysar for politiet i straffesaker. Bouzga har ansvar for å tolke prøveresultat, og ho har lang erfaring som sakkunnig vitne i retten. Ho har sett kva moglegheiter, men òg  avgrensingar, som ligg i slike DNA-analysar.

Tid: Onsdag 12. oktober kl. 8.159.30 (frukost frå 8.15, foredrag 8.30)

Stad: Håndverkeren i Oslo, Sangerhallen (5. etg.)

Les meir: Det genetiske øyenvitnet 

Les meir: Gi meg tyggisen din, så skal jeg si deg hvordan du ser ut