Publisert: 11. oktober 2016
Korleis blir DNA-analysar nytta i etterforsking og i rettssalen? Kva svar får vi eigentleg frå testane — og korleis kan feil oppstå?
Mariam Bouzga jobbar som rettsgenetikar ved Folkehelseinstituttet, som utfører DNA-analysar for politiet i straffesaker. Bouzga har ikkje berre ansvar for å tolke resultata frå DNA-prøvar, ho har óg lang erfaring som sakkunnig vitne i retten. Ho har sett kva moglegheiter, men òg avgrensingar, som ligg i slike DNA-analysar.
Tid: 12. oktober kl, 8.30—9.30
Stad: Oslo, Håndverkeren, sal Sangerhallen