Publisert: 21. desember 2016

Sjokolade på bord
Det britiske firmaet Mars undersøker om det er mogleg å nytte karbohydrat frå mikroalgar i sjokoladane sine. Foto: iStock

Rogalandsfirmaet MicroA vil erstatte sukkeret i sjokolade med karbohydrat frå algar.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet Genialt

Når du set tennene i ein sjokolade og kjenner søtsmaken breie seg i munnen, er sukker viktig for både smak og konsistens. Men et du sjokolade for ofte, kan det fort bli mange kaloriar. Derfor ser sjokoladeprodusentar seg om etter stoff som kan erstatte sukker. Den britiske sjokoladeprodusenten Mars samarbeider no med firmaet MicroA i Tananger i Rogaland om å nytte karbohydrat frå mikroalgar. Prosjektet starta opp 1. august i år.

– Resultata så langt er lovande. Med produktet vårt får sjokoladen betydeleg færre kaloriar, seier gründer og administrerande direktør i MicroA Svein Dahle.

Mange bruksområde

Algen som skal lage karbohydratet, Prasinococcus capsulatus, er ein eincella organisme som vart oppdaga av japanske forskarar på tokt i det vestlege Stillehavet i 1990. Mikroalgar er næringsgrunnlaget for det meste av livet i havet, men finst òg i ferskvatn, jord og luft, og på steinar og tre. Det eksisterer truleg fleire millionar ulike artar. Mikroalgane er viktige for oksygenproduksjonen på jorda, og kan dessutan nyttast i mat og fôr, som råvare til biodrivstoff og til å lage ingrediensar til kosmetikk og kosttilskot.

MicroA er det einaste norske firmaet som dyrkar mikroalgar kommersielt. Dei sel produkt frå Prasinococcus til bruk i kosmetikk og har så vidt byrja å testselje produkt til blant anna kosttilskot frå ein annan algetype, Haematococcus. Dahle reknar med at produksjonen vil ta seg opp etter kvart. Algane dyrkar dei i patenterte dyrkingskammer som dei fyller med vatn og ei næringsblanding av fosfor og nitrogen.

Les også: Jaktar grønare biodrivstoff

Størst marknad utanlands

Algane får CO2 og kunstig lys for å vekse og formeire seg. Når algane har vorte så mange at dei fyller kammeret, sluttar ein å gi dei næring og set på ekstra mykje lys. Da blir algane stressa, og Prasinococcus lagar ein geleaktig kapsel rundt seg. Det er eit karbohydrat frå denne geleen som skal blandast i sjokoladen. Men først må salt og svovel fjernast og væske fordampe, slik at ein står att med karbohydrat i form av eit kvitt pulver. Utfordringa er at sjokoladen skal smake likt, vere like stor og like fast eller mjuk som før, utan at det er nokre sideverknader. For at det skal smake søtt, må sjokoladeprodusenten tilsetje eit søtstoff i tillegg.

Dahle ser for seg at produktet både kan nyttast i søtsaker og andre næringsmiddel.

– Produkta våre er meir etterspurte internasjonalt enn i Noreg, og førebels satsar ikkje norsk næringsmiddelindustri på denne typen sukkererstatning, seier han.

Kan trenge fem tusen tonn

For eit par år sidan bygde MicroA ein ny hall på 500 kvadratmeter med plass til tjue dyrkingskammer. Dei produserer no karbohydrat i kilovis som Mars kan prøve ut for å sjå om det passar i sjokoladen. Det er opp til Mars når produktet eventuelt kjem på marknaden.

– Førebels er det for dyrt å produsere, så det spørst kor fort vi greier å få ned kostnadene. Det er det som er målet vårt i prosjektet, seier Dahle.

Dersom Mars er nøgd med resultata, vil dei trenge fem tusen tonn i året av det spesielle karbohydratet, og produksjonen må skalerast opp. Da trengst det fleire hundre dyrkingskammer.

MicroA har i første omgang finansiering for prosjektet i eitt år. I konkurranse med mange andre fekk dei saman med Mars og det skotske selskapet GlycoMar støtte frå Innovasjon Noreg

Les også: Vil lege sår med fiskeegg