Publisert: 25. september 2017

Tare
Det haustast rundt 170 000 tonn tare årleg i Noreg, hovudsakleg i den ytre skjergarden mellom Rogaland og Sør-Trøndelag. Foto: iStock.

Korleis kan vi best utnytte all taren som omgjev kysten vår? Vi kan lage medisin mot cystisk fibrose, føreslår eit norsk bioteknologifirma.

Av Hallvard Kvale i tidsskriftet GENialt

For enkelte er tare ein del av lukta av solfylte sommardagar i fjøra. Det norske bioteknologiselskapet Algipharma satsar derimot på at tare både kan bli til medisin mot cystisk fibrose og redusere problemet med antibiotikaresistens.

Det er lang tradisjon i Noreg for å utnytte nokre stoff vi kallar alginat, som blir vunne ut frå tare, særleg som tilsetjingsstoff i mat og tekstilar. Drammensbedrifta Protan selde tidlegare ei rekkje alginatprodukt, mellom anna eit syltepulver som gjorde suksess i rasjoneringstida like etter krigen. Algipharma, som blei oppretta i 2006, satsar i den kostbare og krevjande medisinbransjen. Verkestoffet OligoG, som inneheld oligomerar som er vunne ut frå alginat, er for tida i klinisk utprøving på cystisk fibrose-pasientar.

– Vi trur vi har eit produkt som vil vere bra for pasientane og lønsamt for både samfunnet og firmaet vårt, seier dagleg leiar Yngvar Berg og arbeidande styreleiar Arne Dessen framoverlent frå kontorlokala i Sandvika utanfor Oslo.

Tidleg død

Cystisk fibrose er ein arveleg sjukdom som er kjenneteikna ved at det samlar seg svært seigt slim i lungene til pasientane. Omtrent 300 personar i Noreg har sjukdommen, og totaltalet i verda er rundt 75 000. Slimet i lungene gjev pustevanskar og blir bustad for bakteriar som gjev stadige infeksjonar i luftvegane. Sjølv om pasientane ofte brukar fleire timar dagleg på fysioterapi og medisinering for å løyse opp slimet, har dette berre ein mindre effekt. Ein person med cystisk fibrose lever i gjennomsnitt berre i rundt 40 år. Dei må også ofte gjennom jamlege antibiotikakurar for å stanse infeksjonar og hemme bakterieveksten i lungene.

– Det fascinerande med produktet vårt er kor enkel verkemekanismen er, seier Berg og Dessen.

Resultata frå utprøvingane så langt viser at inhalering av OligoG løyser opp det gamle, seige slimet i lungene til pasientane, slik at pusteevna blir betre. Slik kan ein også bli kvitt ein del av bakteriane, og på den måten blir infeksjonsfaren redusert. Den slimløysande effekten kan i tillegg gjere at ein treng mindre antibiotika for å nedkjempe bakteriar både hos cystisk fibrose-pasientar og andre. Bakteriekoloniar samlar seg i eit belegg vi kallar biofilm, og dette gjer at vi treng meir antibiotika for å nå fram til dei. Ved å løyse opp biofilmen kan vi redusere antibiotikabruken.

Artikkelen fortset under biletet.

Høge kostnader

Kostnaden ved å utvikle og få godkjent eit legemiddel ligg i gjennomsnitt på over éin milliard dollar. Ein må først teste produktet på celler i laboratoriet før ein går vidare til å teste på dyr. Deretter blir det gjeve til friske menneske for å sjå om det har biverknader. Først etter dette kan ein begynne den såkalla fase 2-testinga på pasientar, som sidan blir utvida til endå fleire pasientar i fase 3. OligoG til bruk mot cystisk fibrose har no gjennomført fase 2b-testing, men sidan dei endå ikkje har eit produkt å selje, er dei nøydde til å halde kostnadene nede.

– Vi er eit såkalla virtuelt selskap, sidan vi treng den beste kompetansen i verda, men ikkje på fulltid, fortel Yngvar Berg, og utdjupar:

– Rundt tretti fagfolk på ulike stader i verda jobbar for oss, nokre i så små stillingar som to eller fem prosent av ei fulltidsstilling. Her i Noreg er vi ikkje meir enn rundt ti fast tilsette.

 Genmodifiserte bakteriar

Sidan det er såpass få personar på verdsbasis som har cystisk fibrose, har sjukdommen fått status som ein såkalla orphan disease. Det kan vere vanskeleg for legemiddelselskap å forsvare den høge kostnaden med å utvikle legemiddel for små pasientgrupper. Derfor har amerikanske og europeiske styresmakter oppretta ein litt enklare og raskare veg for godkjenning av medisinar for slike sjukdommar. Likevel blir medisinane ofte kostbare. Rundt tre tusen av personane med cystisk fibrose har utvikla sjukdommen på grunn av ein feil i genet G551D. Kalydeco, ein medisin som blei lansert i 2012 for å behandle pasientane med akkurat denne genfeilen, hadde ein årleg pris på rundt 300 000 dollar per pasient då han kom på marknaden i USA.

– Vi har ingen ambisjonar om ein slik pris på vårt produkt, understrekar Berg. Ei mogleg ekstrainntekt på sikt for Algipharma kan vere marknaden for ein liknande sjukdom som har opphav i livsstil i staden for arv: kols, som rammar fleire hundre millionar menneske rundt om i verda. For ei slik satsing vil ikkje den tillatne tarehaustinga i Noreg, som hovudsakleg skjer i den ytre skjergarden mellom Rogaland og Sør-Trøndelag, gje nok råvarer.

– Om vi skal kunne produsere OligoG til så mange pasientar, må vi begynne å bruke genmodifiserte bakteriar til å produsere alginat, forklarer Arne Dessen engasjert. Ved hjelp av genmodifisering kan dei få spesielle bakteriar til å lage akkurat dei ønskte alginatmolekyla, som deretter kan reinsast og brukast til å lage OligoG.

Patentrettar og skattar

Algipharma
– Det fascinerande med produktet vårt er kor enkel verkemekanismen er, seier Yngvar Berg (t.v.) og Arne Dessen (t.h.), her saman med kollegaene Are Kristiansen og Jowita Sleboda.

Algipharma har fleire patent som sikrar dei tidsavgrensa einerett på teknologien deira. I tillegg har dei betalt for lisensrettar til enkelte patent som er eigde av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). I dei første åra til selskapet var desse patentrettane delte opp i mange små delar, men dette var lite tenleg for eit selskap som satsar på å utvikle medisin. Etter kvart har selskapet og NTNU blitt einige om å samle bruksrettane i ein større avtale, og Berg og Dessen framhevar samarbeidet med NTNU som veldig positivt.

På spørsmål om kva hindringar som kan liggje i vegen for norske oppstartsbedrifter, nemner dei to formueskatten. Når dei presenterer bedrifta for utanlandske fond, fortel Dessen og Berg at skattereglane gjer at selskapet må leggje opp til å betale utbyte før dei tener pengar, for at dei tilsette kan betale formueskatt på verdiane dei eig i selskapet. Det vanlege spørsmålet tilbake, fortel dei, er: Har de vurdert å flytte bedrifta ut av Noreg?

– Oppstartsbedrifter kan ikkje strupast med for mange avgrensingar, då blir det inga verdiskaping. Om vi lykkast, vil det gje inntekter til NTNU som patenteigar og til samfunnet i form av skatteinntekter og friskare pasientar. Vi må hugse at Hydro også ein gong var ei tomannsbedrift, seier Yngvar Berg.

Godt samarbeid

Noko av det mest gjevande med arbeidet er å få jobbe med det dedikerte miljøet av fagfolk og pasientorganisasjonar som arbeider med cystisk fibrose, fortel Berg og Dessen. I tillegg til tilskot frå offentlege aktørar som Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og EU har selskapet fått mykje pengar av den amerikanske pasientorganisasjonen Cystic Fibrosis Foundation (CFF).

CFF har utvikla ein modell der dei ikkje krev aksjepartar for å støtte forskarar og bedrifter, men i staden får partar av inntektene frå framtidig sal av medisinane som blir utvikla. Organisasjonen gav tilskot på rundt 150 millionar dollar til selskapet Vertex, som mellom anna har utvikla den nemnde medisinen Kalydeco. Seinare selde dei rettane sine til framtidige inntekter frå denne medisinen for 3,3 milliardar dollar. No brukar dei av desse midlane til å støtte utviklinga av meir enn femti nye medisinar mot cystisk fibrose.

– Det har vore veldig gjevande å arbeide med ein organisasjon som klarer å drive velgjerdsarbeid på ein slik måte at dei kan utvikle endå fleire og betre medisinar, seier Berg, før Arne Dessen legg til:

– Og så er det utruleg morosamt å lage eit legemiddel av tare frå havet!