Publisert: 22. mars 2019

Grøne plantar er bra for inneklimaet, heiter det. No har amerikanske forskarar gått lenger og laga ein genmodifisert stueplante som kan reinse bort helseskadelege stoff.

Av Hilde Mellegård

Gullranke er ein folkekjær stueplante. Og han passar òg for dei av oss som ikkje er velsigna med grøne fingrar. Forskarane blinka seg derfor ut denne planten som kandidat for genmodifisering.

– Vi ønskte å gjere dette i gullranke fordi det er ein robust stueplante som veks bra under alle moglege forhold, uttalte forskar Long Zhang i ei pressemelding frå Universitetet i Washington, USA.

Kanskje vil ein genmodifiserte utgave av gullranke i framtida sikre rein og sunn inneluft? (Foto: iStock)

Utfordrande inneklima

I innelufta vår finst det mange stoff som kan påverke helsa vår, inkludert såkalla flyktige organiske sambindingar. Dei kjem frå ulike kjelder, som røyking, måling, matlaging og reingjeringsmiddel. Dei amerikanske forskarane konsentrerte seg om benzen og kloroform. Bensin og tobakksrøyk kan gi frå seg benzen, og det å dusje i klorinert vatn kan gi låge nivå av kloroform i lufta.

«Å bruke plantar til å fjerne skadelege stoff frå miljøet har vore studert tidlegare, men det har ikkje blitt laga potteplantar som bryt ned skadelege stoff før.»

«Grøn lever» frå kanin

Forskarane sette inn eit gen i gullranka, slik at planten lagar eit enzym kalla cytokrom P450 2E1 (2E1). Dette enzymet er eitt av fleire liknande enzym som bryt ned legemiddel og framandstoff, inkludert flyktige organiske sambindingar hos pattedyr. Genet som forskarane sette inn, lagar kaninvarianten av 2E1-enzymet. Enzym av denne typen finst for det meste i levra og i tarmen hos eit individ. Hos menneske er enzyma aktive blant anna når vi drikk alkohol.

– Vi bestemde oss for at vi skulle få denne reaksjonen til å skje utanfor kroppen, i ein plante, som eit eksempel på «grøn lever»-konseptet, uttalte professor Stuart E. Strand i nyheitsmeldinga.

Å bruke plantar til å fjerne skadelege stoff frå miljøet har vore studert tidlegare, men det har ikkje blitt laga potteplantar som bryt ned skadelege stoff før.

Planten er òg grøn i ein annan forstand. For lettare å kunne skilje genmodifisert gullranke frå vanleg gullranke sette forskarane samtidig inn eit gen som gir ein grøn, sjølvlysande farge (fluorescens). Men fluorescensen blei ikkje særleg tydeleg, så forskarane må bruke mikroskop for å kunne sjå det.

Effektiv luftreinskar?

For å undersøke kor effektiv genmodifisert gullranke er til å reinse lufta, plasserte forskarane plantane i lukka behaldarar med høge nivå av kloroform og benzen. Resultata blei samanlikna med plantar som ikkje var genmodifiserte. Sistnemnde gav liten endring i gassnivået, mens genmodifisert gullranke gav 75 prosent mindre benzen. I tillegg var det etter seks dagar knapt mogleg å måle noko som helst kloroform.

Korleis kan så genmodifisert gullranke i praksis gi betre inneklima?

– Står planten i hjørnet av eit rom, vil han ha noko effekt i det rommet, sa Strand i nyheitsmeldinga.

Men den beste effekten vil vi ifølge forskarane oppnå når planten står i eit lukka rom og ei vifte bles lufta over blada. Om genmodifiserte stueplantar vil vere ein del av inventaret i norske stuer, står att å sjå. Enn så lenge får vi rett og slett opne vindauget.