Publisert: 13. juni 2019

Teen sine inste løyndomar er no oppdaga. Detaljert kunnskap om DNA kan gi oss teplanter som taklar klimaendringar betre. Eller kva med ein kopp svart eller grøn te heilt utan koffein?

Av Hilde Mellegård

Kvar dag blir det drukke meir enn to milliardar koppar med te. At arvestoffet til dei to hovudtypane av tebusken Camellia sinensis er avdekka, kan bety enda fleire sorter. Foto: iStock.

Avslappande. Oppkvikkande. Kjensla av å få betre helse. Eller berre nyte tilværet i ti minutt. Det er fleire gode grunnar til å ta seg ein kopp te. Kvar dag blir det drukke meir enn to milliardar koppar av verdas mest populære drikk etter vatn: te. Te finst i mange ulike sortar og smakar, og kanskje kan vi no få endå fleire variantar? Arvestoffet til dei to hovudtypane av tebusken, Camellia sinensis, blei nemleg kartlagt i 2017 og 2018. Med det kan vi seie at planta sine inste løyndomar er avslørt.

Lange tradisjonar

Te er i dag storindustri. Meir enn 60 land dyrkar teplanter, men Kina og India blir rekna som dei to største nasjonane. Te har vore drukke i Kina i meir enn 4000 år, og planta kjem truleg frå ein region som grensar mot Kina, India og Myanmar. Nederlendarane byrja å importere te til Europa tidleg på 1600-talet. Andre land, særleg Storbritannia, omfamna etter kvart òg denne drikken. Te var til og med ei smuglarvare i Storbritannia i fleire år på grunn av høge tollsatsar.

Arv og miljø

Smak og innhald av potensielt helsefremjande stoff i te er avhengig av både genetikk og miljø. Same type plante vil gi te med forskjellig smak når ho veks på ulike stader. Teplanter som i utgangspunktet er like, vil etter kvart òg utvikle eigne genetiske profilar når dei blir dyrka i ulike miljø. Arvestoffet til tebusken, og alle andre levande organismar, er dynamisk og vil endre seg og tilpasse seg omgivnadane over tid. I tillegg har vi menneske òg påverka arvestoffet ved å velje ut planter med gunstige eigenskapar til dyrking.

Forskarar har no kartlagt arvestoffet til dei to hovudtypane av teplanta (assamica og sinensis). Det gir moglegheiter. Vi kan til dømes lære meir om teen si historie. Korleis har planta utvikla og tilpassa seg? Når gjekk te frå å vekse vilt til å bli ei jordbruksplante? Og kvar kom planta frå? Ved å samanlikne DNA-et til ulike variantar av teplanter kan ein seie noko om felles historie. Dess nærare i slekt to teplanter er, dess kortare tid er det sidan dei hadde ein felles stamfar. Basert på DNA-kartlegginga har forskarar no justert estimatet for når dei to hovudtypane skilde lag, frå 22 000 år sidan, som ein tidlegare rekna med, til ein gong for mellom 380 000 og 1,5 millionar år sidan. Og visste du forresten at teplanta og kiwiplanta var ei og same plante inntil for om lag 80 millionar år sidan?

Men kjennskap til den genetiske koden kan òg bli nyttig for framtida.

«I got nasty habits; I take tea at three. – Mick Jagger»

Klimaendringar påverkar te

På same måte som andre bønder merkar òg tedyrkarar klimaendringane. Stigande temperaturar og hyppige periodar med tørke og kraftig regn skadar teplantene og fører til mindre avlingar. Insektåtak skjer òg oftare enn før. I tillegg til mindre avlingar kan eit klima i endring òg gi te med lågare innhald av stoff som antioksidantar.

Tedyrkarar har allereie sett i gang tiltak, som å dekkje til jorda for ta vare på fukta, grave grøfter, lage skugge og dyrke teplanter frå frø i staden for frå stiklingar. Planter frå frø har eit djupare rotsystem, som gjer dei mindre sårbare overfor tørke. Ei anna tilnærming er å få fram meir robuste teplanter, og kunnskap om arvestoffet gjer at vi kan drive målretta og effektiv avl. DNA-informasjon blir ofte brukt i avl på husdyr og fleire jordbruksplanter, men er ikkje kvardagskost for teplanter. For sju år sidan utvikla likevel japanske forskarar tevarianten nanmei ved å bruke kunnskap om gena. Nanmei er motstandsdyktig mot åtak frå éin type insekt og blir heller ikkje så lett angripen av visse sopptypar. I fjor fann forskarar òg fram til DNA sekvensar som påverkar kor godt tebusken taklar tørke. Det kan bli viktig framover.

På same måte som andre bønder merkar òg tedyrkarar klimaendringane. Kunnskap om arvestoff kan bety meir klimarobuste teplanter. Foto: iStock.

Ekte koffeinfri te?

Lyst til å drikke ein jumbokopp med favoritt teen din i sofaen om kvelden, men utan å liggje vaken når natta kjem? Akkurat som kaffi inneheld te koffein, som forresten er viktig for teplanta – det vernar mot insekt. Men på oss menneske har koffein ein oppkvikkande og vassdrivande effekt, og fleire ønskjer derfor å drikke koffeinfri te. Koffeinfrie te drikkar, som urtete og rooibos, har vore på markedet lenge. Men dei blir ikkje laga av teplanta og kan derfor ikkje kallast ekte te, ifølgje te kjennarar. Det er mogleg å trekkje ut koffeinet frå teblada gjennom kjemiske prosessar, men det går ut over smak og innhald, mellom anna antioksidantar. Med DNA-kunnskap er det likevel håp i sikte. Forskarar har no funne fram til fleire av gena som påverkar koffeinnivået. Ved å avle spesifikt på planter som produserer lite koffein, er det mogleg å få fram te som inneheld lite eller ingenting av det stimulerande stoffet.

Sidan teplanter produserer forskjellig mengde koffein, undersøkjer forskarar koffeinnivået i både viltveksande planter og plantasjeplanter. I 2018 skildra kinesiske forskarar hongyacha, ein vill variant som er naturleg koffeinfri. Då forskarane undersøkte arvestoffet, fann dei ut at brytaren som skrur på koffeinproduksjonen, var forskjellig frå andre teplanter.

Ikkje alle nøyer seg med å undersøkje kva som finst der ute. Teforskarar har nyleg prøvd å stoppe koffeinproduksjonen ved å endre på gena. Det har så langt ikkje vore heilt vellukka. Sjølve genmodifiseringa skal dei ha fått til, men å gå frå celler til heile planter har vist seg å vere teknisk vanskeleg. Så kva kokar kunnskap om arvestoffet ned til? Truleg vil du kunne velje blant endå fleire tevariantar. Og kanskje kjem teen du nyt, frå meir klimarobuste planter

Fakta om te
Te finst i titusentals forskjellige typar, men kan delast inn i fire hovudkategoriar: grøn, oolong, kvit og svart te. Behandling og tørketid etter innhausting avgjer typen. Alle typar te kjem likevel frå same plante, Camellia sinensis. Det blir dyrka om lag 1500 variantar av teplanta, som igjen fell inn under to hovudtypar: sinensis (kinesisk te) og assamica (Assam-te).