Publisert: 3. mars 2020

Har du kunnskap om og vil jobbe med faglege utreiingar og utadretta verksemd om genmodifisering og genredigering av planter dyr og mikroorganismar?  Da bør du søkje stilling som rådgivar/seniorrådgivar i Bioteknologirådet. Frist: 30. mars.

Bioteknologirådet er eit frittståande, rådgivande organ som blant anna er høyringsinstans for norske styresmakter i samband med saker som gjeld gen- og bioteknologi og som vurderer og informerer om etiske og samfunnsmessige spørsmål som gjeld bruk av bioteknologi på menneske, planter, dyr og mikroorganismar. Rådet spreier informasjon og bidreg til ein brei samfunnsdebatt.Rådet har i dag sju tilsette, og saman arbeider vi med å formidle kunnskap og bidreg til debatt om moglegheiter, utfordringar, samfunnsmessige og etiske spørsmål på gen- og bioteknologiområdet. Det er vedteke å flytte Bioteknologirådet sitt sekretariat til Bergen innan 01.01.2021. Arbeidsstaden vil derfor vere i Bergen.

Vi tilbyr ein utviklande og interessant arbeidsplass med stor kontaktflate på eit fagfelt i rask utvikling og med stor samfunnsrelevans. Du vil òg få gode høve til å arbeide sjølvstendig med mange forskjellige oppgåver.

Heile utlysninga finn du her.