Publisert: 19. mai 2020

Då må du nok smøre deg med tolmod.

Av Elisabeth Gråbøl-Undersrud i tidsskriftet GENialt

Vi kan klippe og lime i gen til alle organismar med CRISPR, men å endre gen i gran har vore ei hard nøtt. Allereie på slutten av nittitalet uttalte Katy Presland til BBC online at «Dette er fullt mogleg, einaste problemet er prisen». Presland var doktorgradsstipendiat ved Oxford i nevrofysiologi. Prestland gjekk ut frå at prisen pr. tre vert på rundt 2500 kroner: «Dette vert jo for folk med god råd. Men eg er sikker på at mange vil like dei, spesielt amerikanarar.» Men no over tjue år seinare kan du framleis ikkje kjøpe ei julegran som lyser av seg sjølv. La oss grave litt og finne ut kvifor.

Sjølvlysande sopp og ildfluger skapar magi i skogen. Foto: iStock
Sjølvlysande sopp og ildfluger skapar magi i skogen. Foto: iStock

Sjølvlysande akvariefisk

Ildfluger som lyser i mørkeret. Sjølvlysande manetar i havet. Djupvassfiskar som bruker lys for å trekkje til seg byttedyr. Sopp som lyser i skogen. Gen som lyser, har vore kjent for forskarar i årevis og er eit kjært verktøy på laboratoriet. Ved å kople eit ukjent gen saman med eit gen som lyser, er det til dømes mogleg å sjå kor det ukjende genet er aktivt. I 2008 fekk tre forskarar Nobelprisen i kjemi for oppdaginga av sjølvlysande gen og bioteknologiske bruksområde.
Fram til no har forskarar laga sjølvlysande mus, rotter, katter, potetar og planter. I USA har sjølvlysande fiskar vorte populært og finst i tallause fargar. Opphaveleg vart fiskane utvikla av forskarar i Singapore for å påvise vassforureining. Planen var at fisken skulle glø når han kom i kontakt med toksin. Den ideen vart ikkje sett ut i livet, men i 2000 vart metoden for å framstille sjølvlysande fiskar til akvariebruk patentert. Så kvifor har ingen laga sjølvlysande juletre?

Genetisk ryggsekk

CRISPR verkar like godt i alle organismar, òg tre. Grantreet har rundt 29 000 gen, nokre fleire enn vi menneske har. Det som likevel skil grantreet frå oss andre, er at grana har mange kopiar av kvart einskilt gen. Under evolusjonen har dei fleste planter og dyr kvitta seg med ekstrakopiar av gen, fordi det har vore lite gunstig. Grantreet er unntaket. Det enorme talet av kvart einskilt gen gjer at arvematerialet er samansett av over 20 milliardar basepar, nesten sju gonger så stort som arvematerialet hjå mennesket. Det gjer at grantreet har ein tung, genetisk ryggsekk å bere på. Grantreet veks likevel over store delar av verda. Korleis er det mogleg?

Juletre i skogen, pyntet med lys, månen skinner over tretoppene
Fram til no har forskarar laga sjølvlysande mus, rotter, katter, potetar og planter. Men sjølvlysande juletre er en vanskeleg nøtt å knekke. Foto: iStock.

Kva løyndommar skjuler grantreet?

Forskarar har klødd seg i hovudet over grantreet. Ettersom arvematerialet er så komplisert, veit vi lite om kva genetiske løyndommar grantreet skjuler. Men kunnskapen aukar, for fleire forskingsprosjekt har samla inn DNA frå fleire hundre grantre verda over og er i gang med å analysere dataa.
Men når får vi sjå eit sjølvlysande juletre på marknaden? Tja, det veit vi ikkje. Fleire har prøvd, men gjeve opp undervegs på grunn av den kompliserte genetikken hjå grana. Teknologien går likevel raskt framover, så kanskje vi kan gle oss over eit sjølvlysande tre i stua om nokre år. Då slepp vi fikling med lange lyslenkjer. Det tek likevel i gjennomsnitt 13 år å dyrke fram eit juletre, så vi må nok smøre oss med ein del tolmod.