Håvard
Publisert: 22. mars 2021

I film gjer bioteknologi svært dystopiske samfunn mogleg. Men kor realistiske er desse filmane? Filmbiologen hjå Bioteknologirådet sette seg ned med popcorn og høgt volum for å undersøkja eit lite knippe bioteknologifilmar.

Det blir ikkje ordentleg filmmelding utan terningkast, men her viser terningen kor realistisk bioteknologien er, og korleis filmen tek opp dei etiske dilemmaa. OBS! Det er rimeleg høg tettleik av spoilarar i denne teksten, så les vidare på eigen risiko!

Jurassic Park (1993)

«Forskarane dine var så opptekne med å finna ut om dei kunne, at dei ikkje stoppa for å spørja om dei burde.» Dette blir sjefen for Jurassic Park konfrontert med, og det er nettopp dette Bioteknologirådet har som oppgåve å vurdera. Kva skal me bruka moderne bioteknologi til?

Men i Jurassic Park er det ikkje noko Bioteknologiråd, så her blir barndomsdrøymen om å få sjå ekte frittgåande dinosaurar oppfylt. Denne dyrehagen er eit massivt økologisk eksperiment full av Tyrannosaurus rex-ar, langhalsar, raptorar og meir til.

Dinosaurane er gjenoppliva i laben hjå Jurassic Park, med bruk av ei rekkje genteknologiske metodar: isolera dinosaur-DNA, spleisa inn froske-DNA, setja det spleisa DNA-et inn i froske-eggceller, klona embryoa og truleg surrogati. Teoretisk sett er mykje av dette mogleg, men det er ei rekkje teknologiske hinder som gjer dette praktisk umogleg med dinosaurar. Og kven som var surrogat for ein dinosaur mange gonger større enn nolevande dyr, det veit me ikkje.

Gjenoppliving av utdøydde dyr fascinerer framleis, og det er fleire forskingsgrupper som prøver å klona utdøydde dyr, mellom anna mammuten. Burde me det?

Teknologi: Etikk:

Gattaca (1997)

Vincent skal til stjernene, kosta kva det kosta vil. Og det vil kosta mykje. For i samfunnet Vincent lever i, får ikkje menneske som han slike høve.

I verda til Gattaca skil ein mellom naturbarn som Vincent – dei ugyldige – og dei gyldige som har vorte til med bruk av preimplatansjonsdiagnostikk (PGD). Det er berre befrukta egg med gen som har venta lågt nivå av sjukdom, pen utsjånad og høg IQ som blir valde. Heile samfunnet er bygt opp rundt dei gyldige, og for å handheva segregeringa bruker ein omfattande genetisk testing.

Både PGD og genetisk testing er i dag integrerte delar av det norske helsevesenet. Om PGD blir utvida nokre hakk, har me teknologien som gjer røynda i Gattaca mogleg. Abort, fosterdiagnostikk og PGD er mykje debatterte tema i Noreg. Ofte blir eit etisk dilemma konstruert; mellom dei moralske skadane ved å velja vekk nokre foster sett opp mot den betra helsa me kan få. I Gattaca blir premisset om at helsa er den nye frelsa, svært nøye utforska.

Teknologi: Etikk:

Repli-Kate

Korleis er den perfekte kjærasten? Dette er ikkje berre noko Max og Henry tenkjer på, men dei lagar ho òg. Vel å merka var det ikkje meininga å klona ho, men når Repli- Kate går rundt der og er sexy, bør ein ikkje gjera det beste ut av situasjonen? Med eit kvinnesyn som er meir utdatert enn kloningsteknologien, set dei til verks.

Filmen byd på mykje humor og mange forviklingar, men det rører òg ved ein av dei mest universale bioetiske konklusjonane – ein skal aldri klona menneske. No presenterer ikkje denne filmen dei beste argumenta for denne konklusjonen, men å sleppa unna den dominerande og hyperseksuelle Repli- Kate som belmar nedpå øl, ser på sport heile tida og er ekstremt kontrollerande, vil vera ein grei motivasjon for mange.

Teknologien treffer heller ikkje spikaren på hovudet. Det er noko med cd-rom og fullt utvaksne klonar som ikkje stemmer. Det er rett at det er mogleg med kloning av individ, men det krev framleis ei livmor, 9 månader graviditet, 18+ års oppvekst og ein solid dose Fetter Anton-flaks. Og som filmen framleis har rett i: «Det har aldri før vorte klona menneske».

Teknologi: Etikk:

Never let me go (2010)

Kathy H, Tommy og Ruth veks opp på den engelske landsbygda på kostskulen Hailsham. Me blir kjende med dei som barn, men får etter kvart veta at dei ikkje er fullverdige menneske, men klonar.

Me får veta lite om korleis barna på Hailsham har vorte til, utover at dei berre eksisterer for å donera sine organ til den dei er klona frå. Dei tre veit like lite, og leitar etter måtar å få lov til å leva lenger på før dei må donera organa sine. Rykta seier at kjærastar kan få livet forlengt med nokre år, men då må det provast at det er ekte kjærleik. Filmen klarer å overtyda om at dei tre klonane har både kjensler og sjel, og at nokon har vorte til berre for å donera organ, verkar utenkjeleg. Men problemstillingane rundt organdonasjon er ikkje så fjernt unna røynda, det er allereie lov til å bruka PGD for å laga sysken som kan donera stamceller til barn med arveleg sjukdom.

I dag reagerer ikkje folk flest på at gris går gjennom ein tilsvarande lagnad som Kathy H, Tommy og Ruth, men når dei tre tek over rolla til grisen, då riv det i sjela. Dette er eit spanande bidrag i debatten om menneskeverdet og spørsmålet: «Kva er mennesket»?

Teknologi: Etikk:

Sharktopus vs Pterocuda

I eit forsøk på å skapa det neste genetiske supervåpenet har hybriden Pteracuda, flygeøgle (pteranodon) og barrakuda, vorte til. Under ei øving stikk Pteracuda av, og katastrofen er eit faktum. Skaparen av Pteracuda blir desperat og finn redninga i Sharktopus. For har du eit blodtørstig hybridmonster som fyk rundt og gomlar i seg badegjester, er eit nytt blodtørstig hybridmonster som fyk rundt og gomlar i seg badegjester, akkurat det du treng.

Ifølgje sjefsforskaren har Pteracuda vorte til ved å spleisa saman DNA. Eit barrakudagen i eit elles komplett flygeøglegenom kan funka, men å blanda det 50/50 vil aldri fungera. Slike hybridar vil aldri koma ut av eit laboratorium.

Jamføringa med dr. Frankensteins monster er framståande i Sharktopus vs. Pteracuda, og frykta for «frankenfisk» og «frankenfoods», har vore ein viktig del av kampen mot GMO-ar. Ein kan seia at plottet i Shartopus vs Pteracuda dreier seg om ein av dei eldste bekymringane i GMO-historia: Frykta for å skapa nokre skikkeleg farlege monster som ikkje let seg handtera.

Teknologi: Etikk:

(Filmplakatene er brukt i henhold til «Fair use»/sitatrett)