Mette
Publisert: 28. juni 2021

Forskarar har klart å lage levande mus frå hudceller. Kva kan det føre til?

Forskarar har klart å reprogrammere hudceller frå mus til å bli kjønnsceller, slik at to homus fekk museungar saman. Kan slike kjønnsceller gjere at menneske, både ufrivillig barnlause og likekjønna par, no kan få barn som er genetisk knytt til begge partnarane? Bør vi gjere dette? Og bør vi bruke uttrykket ”kunstige kjønnsceller”? Forskinga syner at mus som blir til med denne metoden ikkje er meir kunstige enn vanlege mus.

I Bioteknologirådet sin podkast, Biotekpodden, hadde me besøk av professor Arne Klungland, som forskar på utvikling av befrukta egg og genregulering, og professor Ole Frithjof Norheim, leiar av Bioteknologirådet. Diskusjonen gjekk om korleis ein kan lage stamceller av spesialiserte celler, reprogrammere desse til andre typar spesialiserte celler, og nokre av dei mange etiske problemstillingane dette fører med seg.

Høyr episoden her.


Denne fullvaksne hunnmusa har to kvinnelege mus som foreldre, og fekk seinare egne ungar. Foto: Leyun Wang.

Det kjem ny episode av Biotekpodden kvar månad, og fleire av episodane har blitt lasta ned godt over 1000 gonger. Vi har snakka om korleis genteknologi vart nytta til å utvikle vaksinar mot Covid-19, om genredigering med Crispr i menneske og dyr, kva gravide vil få tilbod om etter bioteknologiforliket i mai 2020 og korleis politiet bruker
DNA i si etterforsking. Du kan høyre alle episodane hjå Spotify og Apple podkast.