Stine
Publisert: 18. juni 2021

Mytiske vesen samansett av ulike dyr har både fasinert og skremt menneske gjennom alle tider. Dei verkelege kimærane sprutar ikkje eld og har verken løvehovud eller slangehale, men dei vekker likevel både fasinasjon og harme.

I april i år rapporterte ei gruppe forskarar at dei hadde sett inn humane stamceller i 132 befrukta egg frå krabbemakak-aper. Professor Juan Carlos Izpisua Belmonte ved Salk institute for Biological Studies i California, USA, laga saman med ein gruppe kinesiske og spanske forskarar verdas første kimære befrukta egg med celler frå både aper og menneske.

Krabbemakakapene finnast i for det meste i Sørøst-Asia. Alle foto: iStock

Teknikk mot etikk

Ved å bruke celler merkte med raud fluorescens kunne forskarane følge vegen til dei humane stamcellene i dei befrukta apeegga og vise at cellene overlever, deler seg og blir ein del av dei kimære befrukta egga. Egga vart dyrka i laboratoriet, og ingen av dei levde lenger enn 19 dagar. Dei vart aldri sette inn i ei vertsmor og fekk ikkje utvikle seg vidare til foster. Forsøket flyttar likevel grensene for kva som er teknisk mogleg og utfordrar kva som er etisk akseptabelt.

Treng vi å blande artar?

Fleire kritiske stemmer har spurt om vi eigentleg har bruk for denne type forsking. Ja, meiner kimæreforskarane. Izpisua Belmonte og kollegaene hans seier at kimærar som kryssar artsgrenser er gode modellar når ein skal studere stamceller og tidleg embryoutvikling.

– Målet er å forstå korleis celler frå ulike artar kommuniserer med kvarandre i embryoet, seier han til Nature.

I dag brukar ein ofte dyremodellar i biomedisinsk forsking. Kunnskapen ein får ved å studere kimære befrukta egg med celler frå både ape og menneske kan gjere det mogleg å lage kimærar også mellom menneske og artar vi ikkje er i nær slekt med, som mus, meiner Izpisua Belmonte.

Menneske/dyr-kimærar kan ha fleire moglege bruksområde innan både forsking og framtidig medisin. Om vi lagar dyr som er meir like menneske, kan vi studere sjukdomsutvikling og teste effekt av ulike behandlingar i dyr som representerer menneskeleg sjukdom betre enn dyremodellane vi brukar i dag. Eit anna mogleg bruksområde for menneske/dyr-kimærar er som vevs- eller organprodusentar. Pasientar som treng eit nytt organ må ofte vente lenge i donorkø. Kanskje kan det ein dag bli mogleg å bruke pasienten sine eigne celler til å dyrke organ med matchande vevstype i kimærar.

Nokre dyr er likare enn andre

Arbeidet med å lage kimære befrukta egg med celler frå både menneske og ape vekker sterke reaksjonar. Kimærforsking reiser etiske problemstillingar knytte til både dyrevelferd, bruk av humane stamceller og menneskeleg identitet. Mange meiner at forsøk som dette er med på å viske ut skiljet mellom menneske og dyr, og hevdar at slike forsøk er unaturlege og uetiske. Korleis skal ein regulere befrukta egg som har celler frå både dyr og menneske? Lik befrukta egg frå menneske? Lik befrukta egg frå dyr? Eller noko anna? Endå vanskelegare blir det dersom ein ser for seg at dei kimære befrukta egga får utvikle seg forbi embryostadiet. Kva om humane stamceller endar opp som hjerneceller eller kjønnsceller. Får vi eit dyr som er ein kimære og som tenker som eit menneske? Eller som kan produsere menneskeleg avkom?

Nokre ser menneske/ape-kimærar som ei framtidig løysing på medisinske problemstillingar, medan andre meiner at kimærar heller bør fortsetje som ein myte.

Kimæren er eit mytisk vesen, eit ildsprutande uhyre som var ein kombinasjon av løve, geit og drage eller slange. Denne statuen står i byen Arezzo i Italia.

Fakta: Kimærer

  • I biovitskap er kimærar organismar som inneheld celler frå to eller fleire genetisk ulike individ. Slike kimærar kan ein lage i laboratoriet ved å kombinere tidlege embryo frå to individ, eller ved å overføre vev frå ein organisme til ein annan.

Referansar:
Cell 184, 2020–2032 (2021), doi:https://doi.org/10.1016/j.cell.2021.03.020
Nature 540, 51–59 (2016), https://doi.org/10.1038/nature20573
Nature 592, 497 (2021), doi: https://doi.org/10.1038/d41586-021-01001-2