Ole
Publisert: 11. oktober 2021

Vi går ei usikker framtid i møte. Klimapanelet i FN har varsla at vi kjem til å få stadig meir ekstremvêr over heile kloden. I sommar har vi kunna lese om hetebølgjer og mange skogbrannar i Sør-Europa, og den enorme brannen i Sibir, der røyken nådde heilt til Nordpolen. I Tyskland og nabolanda var det store overfløymingar. I Noreg skisserer Norsk klimaservicesenter at vi må vere førebudde på større regnmengder, særleg på Austlandet og i Trøndelag. Korleis vil dette verke inn på matproduksjonen, og kva for verktøy kan vi bruke for å handtere denne situasjonen?

Korleis skal vi klare å brødfø befolkninga på jorda i ei verd med stadig meir ekstremvêr?

Det sitjande Bioteknologirådet ønskjer å sjå på bruk av genteknologi og bioteknologi i lys av berekraftmåla, og då er den globale matproduksjonen særleg interessant. Korleis skal vi klare å brødfø befolkninga på jorda i ei verd med stadig meir ekstremvêr? Korleis kan genteknologi nyttast for å redusere svolt og ulikskap i verda? Kan ein ved å nytte genteknologi bidra til å redusere bruken av sprøytemiddel og fremje biologisk mangfald?

Genredigering, der ein nyttar genteknologi til å endre arvematerialet og eigenskapane til til dømes planter og dyr, blir framheva som eit av verktøya vi kan bruke for å sikre ei meir berekraftig utvikling. I denne utgåva av GENialt møter du mellom anna potetbonden Knut Jarle Repstad, som slåst mot tørr-ròte og stadig større nedbørsmengder. I dag er det plantevernmiddel som er løysinga, men det har sine ulemper. Kanskje hadde genredigerte poteter utan genvarianten som gjer dei mottakelege for tørr-ròtesoppen vore ei betre løysing? Norske forskarar arbeider med å finne ut korleis dei kan gjere den norske poteta mindre sårbar, men med dagens strenge føre var-regulering kjem det neppe genredigerte poteter i butikken i Noreg. Kva er då løysinga – å utvikle nye, sterkare sprøytemiddel, endre reguleringa, eller å bruke konvensjonelle avlsmetodar som vil ta mykje lengre tid?

Det står mykje på spel når det gjeld matproduksjon, og mykje er òg uvisst. Uvissa om effekten av genredigering, uvisse og diskusjon om genredigering skal klassifiserast som GMO, og uvisse om kva som skal vege tyngst, føre var-prinsippet eller nytte og berekraft. For å nå berekraftmåla treng vi matproduksjon som er berekraftig, men som òg er trygg og innanfor etisk akseptable rammer. Er genredigerte produkt tryggare enn gammaldags genmodifisering, slik mange forskarar hevdar? Debatten har byrja i EU, det kan du òg lese meir om i denne utgåva, og det er på høg tid at dette blir diskutert i Noreg.

Ole Frithjof Norheim er leder i Bioteknologirådet
Illustrasjonsfoto: iStock