Håvard
Publisert: 11. oktober 2021

I norske potetåkrar kjempar bøndene mot tørr-ròtesoppen. Soppen vil ete potetene, medan bøndene vil selje dei. Ny teknologi kan skiple kampbalansen, men vil potetbonden bruke denne teknologien?

Potetbonde Knut Jarle Repstad frå Reddal utanfor Grimstad har drive gardsbruk i eit heilt arbeidsliv. Han har sett korleis tørr-ròten har utvikla seg frå å ikkje vere eit tema på 80-talet, til å krevje fast sprøyting på 90-talet – og i dag må enkelte av avlingane hans sprøytast opp til ti gongar per sesong.

Åket på åkeren

– I Reddal hadde vi i mai 250 mm nedbør, mot ein såkalla årsnormal på 80 millimeter. Det gjer at når vi skal ut på felta og sprøyte, så kjem vi ikkje utpå, fortel Knut Jarle Repstad på eit møte om genredigering i matproduksjon som Bioteknologirådet arrangerte på Arendalsuka 2021.

Repstad må ut med traktoren for å sprøyte så tidleg som mogleg etter regnet, samstundes veit han at ein tung traktor på blaut jord øydelegg jordsmonnet. Men tørr-ròten ventar ikkje. Potetbonden må velje mellom å øydelegge jorda med maskinar, eller å risikere at avlinga går tapt til tørr-ròten.

Potetbonde Knut Jarle Repstad og direktør i Graminor, Kristin Børresen, deltok på Bioteknologirådet sitt møte om genredigering og global matproduksjon. Foto: Mette Risa.

Arven etter hungersnøda

Poteta kom til Noreg med ivrige potetprestar. Ho breidde om seg i norske grender og bygder på 1700-talet, og brøyta seg veg i norske bygg- og kveiteåkrar. Potet produserte fleire gongar meir mat per meter dyrka mark enn det kornvekstar kunne klare. Men midt på 1800-talet kom det eit skjebnesvangert potetskip til Europa frå Amerika, lasta med sjuk setjepotet.

I 1840-åra spreidde sjukdomen seg i Europa, og på kort tid vart store delar av potetproduksjonen i Nord-Europa utradert. Verst var det i Irland. Der døydde 1 million menneske av svolt og det som følgde i kjølvatnet. Meir enn 1,5 millionar menneske flykta ut av landet, mesteparten til Amerika. Vest i Irland blei befolkninga så kraftig tynna, at befolkningsendringa først stabiliserte seg 150 år seinare.

I dag har vi plantevernmiddel vi kan bruke i kampen mot tørr-ròte, men som Repstad seier, kan bruken av desse òg by på praktiske utfordringar når det kjem meir nedbør på kort tid. Klimaforskarar skriv i den sjette klimarapporten frå FN at ekstremvêr, mellom anna styrtregn, kjem til å bli hyppigare og sterkare. I Norsk klimaservicesenter sine framskrivingar for nedbør i Noreg er biletet krystallklart – det kjem til å bli mykje våtare. Det må potetbønder og andre gardbrukarar, særleg på Austlandet og i Trøndelag, førebu seg på.

Det finst mange variantar av tørrròte, og sjukdommen tilpassar seg lett nye forhold.

Sleipe soppar

Potetsjuka viste seg å vere ein sopp-liknande organisme kalla eggsporesopp. Dei er snodige saker. Ikkje er det sopp, ikkje er det plante og ikkje er det dyr, men heller noko midt i mellom. Sjølve eggsporesoppen som forårsaka potetsjuka blir kalla tørrròte. Eller som ivrige biologar seier, Phytopthora infestans, som tyder noko slikt som angripande planteøydeleggar.

Når tilhøva ligg til rette for tørr-ròten, kan han på nokre få dagar ta livet av ein heil åker. Først slår han rot i bladverket, og stikk hårtynne røyr inn i planten og syg i seg plantesaft direkte frå plantecellene. Etter kvart som planta blir tappa for livskraft, døyr cellene og etterlet seg store, brune flekkar på bladverket. Då kjem det mjukròte-bakteriar til og bryt ned restane. Dette gir ein fæl stank av ròte. Tørr-ròtesporane treng berre litt regn for å spreie seg vidare ned til potetknollane og øydelegge dei òg. Eit vindkast kan ta sporane vidare til neste åker.

Det finst mange variantar av tørr-ròte, og sjukdommen tilpassar seg lett nye forhold. Potetavlarar prøver å utvikle nye sortar poteter som er meir resistente mot tørr-ròte, men dette er vanskeleg med tradisjonelle avlsmetodar, då tørr-ròten stadig utviklar seg og bryt nyvunnen resistens.

Ei potet for framtida?

Norsk forsking kan vere løysinga. Kristin Børresen er direktør i Graminor, eit planteforedlingsselskap eigd av både statlege og private norske aktørar. Dei har eit forskingsprosjekt der dei ved hjelp av genredigering utviklar potet som er motstandsfør mot tørr-ròte. Denne metoden gjer det mogleg for forskarane å klippe vekk uønskte gen og setje inn nytt genmateriale ved å bruke poteta sin eigen genetikk. Målet med arbeidet til Graminor er i første omgang å utvikle kunnskap og kompetanse.

– Det vi skal gjere, er å klippe vekk det genet som gjer poteta mottakeleg for tørrròte. Vidare er et mogleg neste mål å setje inn gen som gjer poteta resistent mot tørrròte. Slik blir poteta motstandsfør, sa Kristin Børresen under Arendalsuka.

I eit intervju med GENialt om denne poteta fortel Anne-Ingeborg Myhr, direktør i GenØK, senter for biosikkerhet, at poteta har heilt klare positive eigenskapar, men det er viktig at myndigheitene er opne om vurderingane sine, slik at forbrukarane skal kunne ha tillit til dei som utviklar og produserer poteta.

– Det som vil vere viktige steg vidare no, er å undersøkje tryggleiken til poteta og om ho er veleigna for dyrking under norske forhold samt om resistensen mot tørr-ròte held seg over tid, seier Myhr.

Genetikk og politikk

Med dei reglane som gjeld i Norge, EU og New Zealand i dag, er ei slik potet ein genmodifisert organisme (GMO), men slik er det ikkje i resten av verda.

– Vi må tore å bevege oss inn i dette, sjølv om føre-var er viktig, sa Guro Angell Gimse, stortingsrepresentant frå Høgre, under Arendalsuka.

Partiet hennar har som programfesta politikk å modernisere den lovgivinga som regulerer genredigerte organismar, men dei held fast ved at det skal skje innanfor ei etisk ramme. MDG var òg til stades i den politiske debatten, representert ved landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil.

– Haldninga vår er å vere varsame og ha eit veldig klart fokus på at forskinga som går føre seg, skal vere uavhengig, open og ikkje betalt av gigantane i agro-bransjen. Vi må såleis ha ei offentleg forsking, der det er mogleg å stole på forskingsresultata, sa Moskvil.

Kunden har alltid rett

Potetbonde Knut Jarle Repstad såg fleire positive sider ved å bruke genredigering til å få fram ei potet som var motstandsfør mot tørr-ròte.

– Vi slepp å bruke ein haug med plantevernmiddel, vi kan forvente oss ei viss inntekt og vi vil sleppe unna dei trykkskadane som vi påfører jorda. Det er klart at det ville bety mykje for oss, sa Repstad. Men med dagens reglar må slike poteter merkast som GMO i butikken, og så lenge forbrukarane ikkje ønskjer GMO-mat, vil han ikkje plante det.

– Tillit hos forbrukaren er alfa og omega, seier Repstad.

Eit våtare klima gir store problem i heile landbruket. Potetbøndene ser mellom anna at infeksjonar med tørr-ròte aukar. Ei potetsjuke som har gjort, og som framleis gjer, stor skade på potetavlingar. Foto: iStock