Eirik
Publisert: 6. april 2022

Ein nyutvikla gentest kan bidra til å identifisere dei med auka risiko for svangerskapsforgifting mange månader før det inntreff.

Svangerskapsforgiting kjenneteiknast av høgt blodtrykk og eggekvite i urinen, og kan gje skader hjå både mor og foster. Om tilstanden ikkje vert oppdaga kan svangerskapsforgifting gje livstruande blødingar, blodproppar og krampar. Sjølv om dette er svært sjeldan, er det likevel den viktigaste årsaka til dødsfall hjå gravide i Noreg.

Foto: iStock

Tal frå Medisinsk fødselsregister viser at av hundre gravide i Noreg så råkar svangerskapsforgifting mellom to og tre kvinner. Det er vanskeleg å på førehand vite kven som utviklar tilstanden. Førstegongsfødande, overvektige og dei som tidlegare har hatt svangerskapsforgifting har auka risiko for å bli sjuke, og desse kan følgast nøye gjennom svangerskapet. Likevel er det berre eit fåtal av desse som blir sjuke.

No har ei internasjonal forskargruppe med forskarar frå mellom anna USA, Danmark og India utvikla ein gentest som betre og tidlegare kan identifisere gravide som har auka risiko for svangerskapsforgifting. Ved å nytte maskinlæring har dei analysert blodprøvar frå gravide og funne at hjå dei som seinare utvikla svangerskapsforgifting, så finn dei ein karakteristisk genetisk signatur.

Biotek-selskapet Mirvie, som bidreg i arbeidet, seier til Science at dei håpar at dette berre er første trinnet på vegen mot å utvikle ein betre og meir persontilpassa svangerskapsomsorg. Håpet er at fleire slike genetiske signaturar kan identifiserast også for andre svangerskapskomplikasjonar som svangerskapsdiabetes og for tidleg fødslar.

Kjelde: https://www.science.org/content/article/simple-test-could-predict-dangerous-blood-pressure-pregnant-women