Eirik
Publisert: 24. november 2022

Med bruskceller og bio-blekk skreiv amerikanske forskarar ut eit nytt øyre på berre ti minuttar.

Har du høyrt om mikroti? Kvart år fødast det om lag ti born med manglande eller delvis manglande øyre i Noreg. Tradisjonelt består behandlinga av tre operasjonar som startar med å hente ut brusk frå ribbeina til pasienten. Men no har 3DBio-Theraputics, eit medisinsk selskap som forskar på regenerativ medisin i New York, annonsert at dei har behandla ei kvinne i 20-åra med eit 3D-printa øyre.

Bildet viser pasientens øre før og etter operasjon og bruk av 3D-skrivar
Faksimile frå NY Times 2. juni 2022

Kvinna som vart fødd med eit lite og deformert høgre øyre tok del i ein klinisk studie med til saman elleve pasientar. Først gjorde dei ei 3D-skanning av det friske øyret, før dei med utgangspunkt i ei lita mengde bruskceller frå det deformerte øyret skreiv ut det nye øyret med ei blanding av bruskceller og noko selskapet kallar bio-blekk.

I pressemeldinga frå 3DBio-Therapuetics skriv dei at teknologien har stort potensiale til å lage andre kroppsdelar, frå nasar og mellomvirvelskiver i ryggen, til vitale organ som lever og nyrer. Uavhengige ekspertar som New York Times prata med er likevel meir avmålte i sine vurderingar. Professor Adam Feinberg frå Carnegie Mellon University i Pittsburgh USA seier til avisa at det er eit langt steg frå eit øyre til eit hjarte, men at det 3D-printa øyret likevel er ei stor nyhende.

Kjelde:
https://www.nytimes.com/2022/06/02/health/ear-transplant-3d-printer.html