Eirik
Publisert: 27. desember 2022

I ei kirgisisk grav har forskarar funne perler frå Indiahavet, korallar frå Middelhavet – og DNA frå Svartedauden-bakterien.

Svartedauden skuldast ein bakterie som heiter Yersinia pestis, og forskarar har lenge trudd at varianten som tok livet av om lag ein tredjedel av befolkninga i Noreg oppstod ein stad i Sentral-Asia. No har ei gruppe forskarar frå mellom anna det tyske Max Planck-instituttet gjort DNA-analysar av leivningar frå Kirgisistan som i følgje gravsteinane deira døyde av pest i 1338 og 1339.

Forskarane fann at Y. pestis-varianten frå Tian Shan-fjella nord i Kirgisistan var ein direkte forløpar til varianten som herja Europa om lag ti år seinare. Bakterien er vanleg hjå gnagarar, og ein trur at epidemien starta då sjuke murmeldyr først smitta menneske i Kirgisistan og at pesten så langsamt spreidde seg vidare langs Silkevegen til Europa.

Variantar av Y. pestis-bakterien finnast fleire stader i verda i dag, og det kan vere verdt å merke seg at forskarane òg kopla varianten frå Kirgisistan til ei bakterieprøve frå ein person som døde etter ein Y. pestisinfeksjon i London i 2011. Den kirgisiske varianten var forløpar til mange av dagens bakterievariantar, noko som artikkelforfattarane koplar til ei kraftig oppblomstring av smitte rett før Svartedauden. Eller som Johannes Krause, ein av forskarane, seier det: «Det var som eit pest-big bang.»

Bilde: Dødens triumf av Pieter Brueghel den eldre (ca 1562), Public domain, via Wikimedia Commons
Kjelde:
Spyrou et al. Nature (2022) doi.org/10.1038/s41586-022-04800-3