Eirik
Publisert: 19. april 2023

I ei ny tilråding til Folketingets helsekomité tilrår Det etiske råd i Danmark at surrogati skal gjerast meir tilgjengeleg.

Det danske lovverket har ikkje noko direkte forbod mot surrogati, men det er fleire reguleringar som gjer at surrogati i praksis er særs vanskeleg. Mellom anna er det ulovleg å få hjelp til behandlinga av helsepersonell – noko som Bioteknologirådet sin danske søsterorganisasjon no ønsker å endre på.

– Vi har oppdaga at vi i Danmark er for restriktive, noko som vi ikkje kan grunngi. Difor vil vi gjere det lettare for par å nytte seg av ei surrogatmor, som berre gjer det for å hjelpe paret, seier leier av Det etiske råd i Danmark, Leif Vestergaard Pedersen, til Danmarks Radio.

Portrett av Leif Vestergaard Pedersen.
Leif Vestergaard Pedersen, leier av Det etiske råd i Danmark. Foto: Det etiske råd.

Det etiske råd peikar på at mellom 100 og 200 barn kjem til Danmark etter å ha blitt fødde av surrogatmødrer i utlandet. Ved å jamføre surrogati med andre former for assistert befrukting i den danske helsetenesta meiner rådet at praksisen vil bli både lettare og tryggare, samt redusere bruken av surrogati i utlandet.

– Etisk råd vil gjerne opne for at ei surrogatmor og eit par som ikkje kan få barn, heller får hjelp av den danske helsetenesta under ordna forhold, i staden for å reise til Spania for å gjere behandlinga der, seier Pedersen.

Kjelde: https://www.dr.dk/nyheder/indland/etisk-raad[1]vil-sidestille-rugemoedre-med-fertilitetsbehandling