Forskarar kan no dyrke menneskeembryo fram til ei 40 år gammal etisk og lovpålagd grense. Betyr det at dei skal få lov til å dyrke embryo lengre? Eller er det nettopp no vi får bruk for grensa? Og kor likt på eit menneskeleg embryo må ein embryomodell laga av stamceller bli før også modellen bør omfattast av tilsvarande lovverk?
Hausten 2022 har Bioteknologirådet diskutert korleis, og kor lenge, det skal vere lov å forske på befrukta egg frå menneske (menneskeembryo). Utgangspunktet for diskusjonen i rådet var at det dei siste åra har skjedd fleire teknologiske gjennombrot som både flyttar grensene for kor lenge det er mogeleg å dyrke humane embryo, men som også kan forandre forståinga av kva eit menneskeembryo er.
Teoretisk grense
I Noreg er det berre tillate å forske på befrukta egg som er overtalige etter prøverøyrsforsøk, og berre fram til 14 dagar etter befruktning. Deretter skal befrukta egg det har vore forska på destrauerast. Å avgrense forsking på menneskelege embryo til 14 dagar etter befruktning blei først foreslått av ein etikk-komité i USA i 1979, og deretter av Warnock-komitéen i England i 1984. I dag er 14-dagersregelen den vanlegaste tidsavgrensinga for forsking på menneskeembryo i lovverk og retningslinjer i mange land.
Men sjølv om 14-dagersgrensa blei introdusert allereie då ein begynte med å befrukte egg utanfor kvinnekroppen, er det først no den eigentleg kan avgrense kor lenge embryoet kan forskast på. Fram til 2016 var det nemleg ingen som hadde klart å dyrke menneskeembryo på laboratoriet lenger enn nokre få dagar. Men i 2016 klarte to forskingsgrupper, uavhengig av kvarandre, for første gong å dyrke menneskeembryo heilt opp til 14-dagersgrensa. Begge gruppene avslutta forsøka sine på dag 13, men kunne truleg ha dyrka embryoa lengre enn dette om internasjonale retningslinjer hadde tillate dette.
Ny debatt
Teknologisk framgang har ført til ny debatt om kor lenge det bør vere lov å forske på befrukta egg. Blant dei som støttar ei utvida mogelegheit til å forske på humane embryo er den internasjonale stamcelleforskarforeininga ISSCR, ein innflytelsesrik organisasjon med over 4000 forskarar frå heile verda. ISSCR har tidlegare gått inn for 14-dagersgrensa i retningslinjene sine for stamcelleforsking, men anbefalte i 2021 at 14-dagersgrensa bør fjernast. I staden for ei ny grense meiner dei at kvart forskingsprosjekt bør vurderast av ein etisk komité som skal avgjere frå sak til sak kor lenge det skal vere lov å dyrke, og forske på, menneskeembryo.
Forskingsmodellar kan erstatte embryo
Teknologiske framsteg har ikkje berre flytte grensene for kor lenge ein kan dyrke embryo utanfor kroppen. Utvikling innan stamcelleforsking har også gitt nye alternativ til å forske på embryoet. Stamcellene kan nemleg brukast til å lage strukturar som i ulik grad liknar menneskeembryoet, eller deler av det. Slike stamcellebaserte embryomodellar kan vere eit meir tilgjengeleg, og etisk akseptabelt alternativ til forsking på overtalige, befrukta egg.
Men forsking på stamcellebaserte embryomodellar reiser også eigne etiske, og juridiske, spørsmål. Fleirtalet av dei modellane som hittil er utvikla med menneskeceller, etterliknar berre delar av eit menneskembryo og eit kort vindauge i utviklinga til embryoet. Men det er sannsynleg at det framover vil bli mogeleg å utvikle embryomodellar som i større grad liknar embryo blitt til ved befruktning, som også har potensialet for å utvikle seg vidare. Då kan det også bli vanskelegare å trekkje eit klart etisk og juridisk skilje mellom stamcellebaserte embryomodellar og embryo blitt til ved befruktning. I august 2022 viste to ulike forskingsgrupper at det no er mogeleg å dyrke fram museembryomodeller med både bankande hjarte, anlegg til sentralnervesystem med hjernestrukturar og eigne kimceller (celler som gir opphav til kjønnsceller). Liknande embryomodellar, laget av humane stamceller, er kanskje ikkje langt unna.
Behov for regulering
Den norske bioteknologiloven nemner ikkje stamcellebaserte embryomodellar spesifikt. Forskingsgjennombrota som gjer det mogeleg å lage stamcellebaserte embryomodellar har skjedd i løpet av det siste tiåret, medan kapitla i loven som kan vere relevante er meir enn 15 år gamle. Det gjer at det ikkje er klart om vi har reglar som gjeld for slik forsking, og i tilfelle kva dei vil bety.
Stamcellebaserte embryomodellar kan gi nye mogelegheiter for å studere tidleg embryoutvikling, og kan redusere behovet for å forske på befrukta egg. Men mogelegheita for at det kan lagast stamcellebaserte embryomodellar med eigenskapar og eit utviklingspotensial som liknar det vi finn hos eit humant embryo, skaper eit behov for tydeleg regulering av slik forsking. Kvar går grensa mellom embryonale celler dyrka i kultur, ein celleklump, ein embryomodell og eit embryo? Kor like humane embryo kan stamcellebaserte embryomodellar bli før vi må ta spesielle omsyn til dei, slik vi gjer med humane embryo?
Gir råd til norsk styresmakter
I desember leverte Bioteknologirådet råda sine til Helse- og omsorgsdepartementet. Ingen av medlemmane i rådet ønskjer at Noreg skal følgje ISSCR sin tilråding og fjerne 14-dagersgrensa. Tre medlemmar meinte at embryoforsking bør vere forbode i Noreg, seks medlemmar meinte at 14- dagersgrensa bør stå som han er, og seks medlemmar meinte at 14-dagersgrensa bør bestå, men med mogelegheit for å søkje dispensasjon om å forske fram til dag 21 (fire medlemmar) eller dag 28 (to medlemmar) for forskingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om ein periode av utviklinga til embryoet ein i dag har avgrensa høve til å forske på.
Når det gjeld stamcellebaserte embryomodellar var Bioteknologirådet einstemmige: Dagens regelverk tar ikkje høgd for teknologisk utvikling som har skjedd dei siste åra, og styresmaktene bør sjå på regelverket på nytt og gjere lovverket som regulerer forsking på embryomodellar klarare. Bioteknologirådet anbefaler at eit oppdatert regelverk bør skilje mellom enklare, ikkje-komplette embryomodellar utan potensiale for vidare utvikling og komplette embryomodellar med utvikla nervesystem eller med teoretisk potensial for vidare utvikling til eit foster.