I mai vart eg utnemnd til ny leiar av Bioteknologirådet. Det er ei spennande og viktig oppgåve som eg ser fram til å ta fatt på. Løysingar for fleire av utfordringane og mogelegheitene i vår tid ligg innanfor bio- og genteknologifeltet: i kamp mot sjukdom, for å sikre trygg matforsyning og for å handtere miljøutfordringar. Men det kan også oppstå etiske problemstillingar knytt til bruk av teknologi på menneske, dyr og plantar – og den raske utviklinga innan kunstig intelligens forsterkar truleg desse dilemmaa.
Då Bioteknologirådet blei oppretta i 1991, var det for å sikre at debattane om korleis vi ønskjer å bruke gen- og bioteknologi vart haldne før vi utvidar bruken av teknologiane til nye område. Det første barnet i verda som vart til med in vitro-fertilisering (IVF) blei fødd i 1978 og dei første genmodifiserte plantane blei laga på 1980-talet. Då hadde ikkje Noreg eit lovverk som regulerte slik teknologi, og utviklinga var i stor grad styrt av kva som var mogeleg. Med bioteknologilova og genteknologilova, og skipinga av Bioteknologirådet, ønskte ein å sikre ein brei samfunnsdebatt og demokratiske prosessar rundt bruk av moderne bioteknologi. Teknologien er i stadig utvikling, og når kva som er mogeleg forandrar seg, må vi også stadig ta stilling til kva av desse mogelegheitene vi ønskjer å nytte oss av. Og kva vi ikkje ønskjer å bruke. Debatten i Noreg vil også vere påverka av kva ein gjer i andre land.
Teknologien er i stadig utvikling, og
når kva som er mogeleg forandrar seg,
må vi også stadig ta stilling til kva av desse
mogelegheitene vi ønskjer å nytte oss av.
I juni kjem genteknologiutvalet si utgreiing om regulering av genteknologi i Noreg. Vil det føre til endringar i lova som regulerer korleis vi skal bruke genteknologi i produksjon av mat og næringsmiddel? Bør det føre til endringar? Dagens genteknologi kan bidra til gode løysingar på utfordringar relatert til FN sine berekraftsmål. Teknologien kan brukast for å produsere meir mat på lik eller mindre areal, mat som både er meir miljøvennleg og meir næringsrik. Men teknologien kan også brukast på meir etisk problematisk vis, som å auke kjøtproduksjon ved å «slå av» gen som bremsar muskelvekst eller setje ut genmodifiserte plantar som kan spreie seg i naturen. Vi kan då få meir mat, men kanskje på kostnad av dyrevelferd og naturmangfald. Kvar skal vi setje grensa for kva bruk av denne teknologien som er etisk forsvarleg, og kva bruk som ikkje er det?
Ved bioteknologiforliket i 2020 blei det varsla ei dynamisk evaluering av bioteknologilova, som regulerer medisinsk bruk av bioteknologi på menneske. To delar av lova har allereie vore på høyring i 2023: forbod mot gentesting av barn utanfor helsetenesta og endring av vilkår for bruk av preimplantasjonsdiagnostikk (PGD). Det førre rådet har allereie påpeikt at lova ikkje dekkjer alle dei nye mogelegheitene som har kome til dei siste åra, og eg ser fram til å diskutere korleis ein skal regulere ny bruk av genteknologi og bioteknologi på menneske.
Bioteknologirådet er ein unik institusjon, med eit mandat som berre vil bli viktigare i åra som kjem. Her sit det mellom anna biologar, legar, etikarar, juristar og økonomar, alle med si livserfaring og yrkes- eller akademiske bakgrunn som ballast. Medlemmane i rådet rår over ein kompetanse som er uvurderleg for å kaste lys over samfunnsmessige og etiske konsekvensar ved bruk av gen- og bioteknologi i åra framover. Eg ser fram til diskusjonane og debattane våre, og gler meg til å jobbe med det dyktige sekretariatet i Bergen.