Eirik
Publisert: 21. september 2023

Med stamcelleteknologi kan forskarar lage embryo utan egg- og sædceller. No har eksperimenta teke eit viktig steg frå dyreceller til menneskeceller, og med det aukar behovet for betre regulering.

I fjor skreiv GENialt om korleis to ulike forskargrupper fekk stamceller frå mus til å utvikle seg til embryo med bankande hjarte og begynnande organ. Rett før sommaren i 2023 publiserte fleire grupper nye forskingsfunn der teknologien er nytta på stamceller frå menneske, i forsøk som tar utviklinga eit stort steg framover – og som i enda større grad utfordrar dei etiske og juridiske grensene for slik forsking.

Før vi går nærare inn på det vitskaplege framsteget er det nyttig å ta to skritt tilbake for å sjå på den underliggande biologien: Kimen til nytt liv startar når ei sædcelle befruktar ei eggcelle. Frå denne første cella vil heile menneske utvikle seg, med hud og hår, hjarte og lunger. I den første perioden av svangerskapet, fram til om lag veke ni, omtalast denne organismen som eit embryo.

Den befrukta eggcella delar seg først i to, så til fire, seksten og så bortetter. Etter om lag fjorten dagar byrjar gastruleringa, prosessen der den tredimensjonale strukturen og tre separate cellelag som gir opphav til ulike kroppslege strukturar dannast: Endoderm blir mellom anna til tarmar, magesekk, lunger og ulike kjertlar; mesoderm dannar musklar, bein, fett- og bindevev; medan ektoderm dannar hjerne, ryggmarg, hår og neglar.

Omstridt milepæl

– Vår modell er den første humane embryomodellen med tre cellelag. Den er vakker og laga berre av embryonale stamceller, uttala forskingsgruppeleiar Magdalena Zernicka- Goetz til the Guardian rett før ho la fram forskinga si på ein konferanse i juni 2023, før artikkelen var publisert.

Utsnitt av figur som viser eit fire dagar gamalt embryo danna av stamceller frå menneske. Foto: Universitetet i Cambridge

Utsegna til Zernicka-Goetz vart raskt møtt med kritikk, mellom anna for at ho uttala seg til media utan at resultata faktisk var publisert og dermed mogleg å vurdere. Ein av dei som var kritisk, er den palestinske forskaren Jacob Hanna. Han leiar den andre forskargruppa som i 2022 publiserte banebrytande forsking på stamceller frå mus, og han hevdar òg at han har klart å forske fram ein human embryo-modell med tre cellelag etter gjennomgått gastrulering. Hanna si forsking er i skrivande stund enda ikkje fagfellevurdert og publisert, og berre tilgjengeleg som preprint, men omtalast av fleire ekspertar som ein betre modell.

Regulering naudsynt

Uavhengig av kven som har forska best eller dyrka humane embryo-modellar lengst dei siste åra, så framstår det klart at ei oppdatert regulering er naudsynt. Til dømes er den norske bioteknologilova skreve i ei tid der embryo-modellar ikkje var aktuelle og det er derfor uklart om lova faktisk regulerer denne nye teknologien. Dette peikte Bioteknologirådet på i 2022.

Under behovet for regulering ligg ei rekkje etiske problemstillingar som forskarar, politikarar og til sist heile samfunnet må ta stilling til: kva for moralsk status bør slike embryo-modellar ha? Bør dei likestillast med humane befrukta egg, med alle dei følgene det har? Elles sjåast på som noko anna, med sine egne reglar?

Kjelder:
https://www.theguardian.com/science/2023/jun/14/synthetic-humanembryos-created-in-groundbreakingadvance
Weatherbee et al. Nature 2023 https://doi.org/10.1038/s41586-023-06368-y
https://www.bioteknologiradet.no/filarkiv/2022/12/Bioteknologiradets-uttalelse-om-14-dagersregelen-og-stamcellebaserte-embryomodeller-UU.pdf