Funn av ukjent genvariant hos kvinne som aldri kjenner smerte kan gi nye måtar å lindre kroniske smerter på.
Etter ein operasjon i handa oppdaga sjukepleiarane og legane ved sjukehuset i Skotland at den 66 år gamle kvinna ikkje hadde noko behov for smertestillande medisinar. Når dei prata med ho kunne ho fortelje at ho aldri trong bedøving hos tannlegen, åt sterk chili utan ubehag og først kjende at ho fekk brannsår når ho lukta brend hud. Etter nærare undersøkingar vart det stadfesta at ho ikkje kjende smerte. I tillegg fant forskarane at kvinna var disponert for glede, at såra hennar grodde raskt, og at ho opplevde lite stress og frykt.
Kroniske smerter er eit stort globalt problem som gir mange menneske sterke plagar kvar einaste dag. Ei stor utfordring er òg at mange av dei mest brukte smertestillande medisinane inneheld opiat, som skapar avhengigheit og mistar effekt om dei brukast over tid.
No har forskarar grove djupare i dei genetiske og molekylære mekanismane hjå den fryktlause og smertefrie skotske dama. Dei fann ein genfeil som gjer at cellene produserer mindre av det viktige FAAH-enzymet, som speler ei rolle for ei rekke kroppslege funksjonar som angst, stress, smerte og sårtilheling. Ved hjelp av Crispr har forskarane gjenskapt genfeilen i celler på laboratoriet slik at dei kan studere dei molekylære endringane som feilen og enzymmangelen medfører. På lengre sikt kan arbeidet føre til heilt nye typar smertelindrande behandlingar – til glede for svært mange menneske.